Hopp til innhold

Engebø-prosjektet må skrinleggast, meiner Venstre-topp

Ola Elvestuen, nestleiar i Venstre og leiar i miljø- og energikomiteen på Stortinget, meiner det er ingen tvil rundt Engebøprosjektet. Han meiner det er svært merkeleg at Sogn og Fjordane Høgre ikkje vil høyre på Miljødirektoratet si tilråding.

Nestleder i Venstre Ola Elvestuen

MÅ HØYRE PÅ DIREKTORATET: Ola Elvestuen (Venstre) meiner det er viktig å merke seg at Høgre ikkje vil ta omsyn til miljøet i Engebø-prosjektet, sjølv når Miljødirektoratet har kome med si tilråding om å seie nei til planane om sjødeponi av gruveavfall i Førdefjorden.

Foto: Mette Ballovara/NRK

– Eg meiner at no, med Miljødirektoratet si heilt tydelege fråråding, så må dette prosjektet skrinleggast, seier Elvestuen.

Tidlegare denne veka vart det kjent at Miljødirektoratet seier nei til sjødeponi i Førdefjorden.

Miljødirektoratet rår dermed Miljøverndepartementet til å seie nei til prosjektet.

Årsaka til at Miljødirektoratet seier nei er omsynet til fiskelivet i fjorden. Det er venta at fleire raudlista fiskearter vil vere i fare dersom sjødeponiet vert ein realitet, noko som gjorde at direktoratet til sist valde å seie nei til Nordic Mining sine planar om deponering av gruveavfall i Førdefjorden.

– Når Miljødirektoratet uttaler seg så tydeleg, så kan det ikkje lengre vere nokon tvil om at dette prosjektet må stoppast, seier Elvestuen.

– Det må vege tungt

Elvestuen understrekar at avgjerda frå Miljødirektoratet er så tydeleg at ein ikkje kan velje å sjå bort ifrå ho.

– Denne avgjerda må vege tungt, elles har vi jo knapt nokon miljøforvaltning her i landet lenger. Deira oppgåve er nettopp å gjere denne typen vurderingar, og det er viktig at vi har ein fagleg forankra miljøforvalting i Norge, seier Elvestuen og legg til:

– Her må vi høyre på fagmyndigheiten, og ikkje undergrave deira posisjon.

Elvestuen meiner det er heilt avgjerande at regjeringa følgjer opp direktoratet si avgjerd når dei skal fatte sin konklusjon i saka.


– Det er ikkje anna å seie enn at miljødirektoratet si rolle er veldig viktig, og forventningane må vere at regjeringa, med miljøvernministeren i spissen, følgjer dei råda som eins eiga fagmyndigheit gir.

Val mellom natur og næring?

Høgre har jobba i fleire år for at Engebø-prosjektet skal bli ein realitet, og Mjømen har ikkje tenkt å stoppe no.

Arve Mjømen

TRUR FRAMLEIS PÅ FJORDDEPONI: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, meiner at

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ser ein litt djupare i materien, så er desse artane å finne langs heile norskekysten i fjordsystema våre. Difor meiner vi at det likevel er ein moglegheit for å gå for Engebø. Eg er heilt sikker på at desse fiskane gyter andre plassar enn berre i Førdefjorden, sa han til NRK onsdag.

– At Høgre lokalt meiner noko heilt anna, det viser jo heilt tydeleg at miljøomsyn, det ønsker dei ikkje å ta. Det synst eg ein skal merke seg. Og det er også sånn at ein da ikkje vil bygge den forvaltninga vi har på dei beste faglege råda vi har, seier Elvestuen til NRK.

Omsynet til miljøet og livet i havet har veigd tyngst i avgjerda til Miljødirektoratet, men Mjømen meiner at næringsnytta i prosjektet veiger tyngre enn omsynet til miljøet.

– Om ein skal sjå på andre sida: For små kommunar kan prosjekt som dette ha stor effekt både på økonomi og sysselsetjing. Er ikkje dette viktig?

– Det er fleire næringsinteresser som har interesse av at prosjektet ikkje gjennomførast. Det gjeld oppdrettsnæringa, reiseliv, turisme, vill-laksen og friluftsliv. Så det er fleire næringsinteresser som ikkje ønsker prosjektet, svarer Elvestuen på spørsmål om næringsnytta i prosjektet.

Nordic Mining: Svakt kunnskapsgrunnlag

Nordic Mining på si side stiller seg svært kritisk til at Miljødirektoratet har tatt si avgjerd på det dei meiner er eit svakt kunnskapsgrunnlag.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fjorddeponiet i Førdefjorden

SJØDEPONI: Slik ser Nordic Mining for seg at eit sjødeponi i Førdefjorden kan sjå ut. Miljødirektoratet seier nei til planane av omsyn til livet i havet.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

– Vi ser ikkje at dei har noko godt grunnlag for å framheve det dei gjer om desse truga artane, seier Ivar Fossum, direktør i Nordic Mining.

NRK har vore i kontakt med Miljøverndepartementet. I ein e-post til NRK skriv klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft at saka no ligg til behandling i departementet, og at dei har frist til 21. november med å kome med si utsegn. Ministeren seier at ho ikkje vil uttale seg nærmare om saka.