Hopp til innhold

Endeleg opptur i Årdal

Etter fleire år med økonomisk nedtur, ser næringslivet i Årdal lyset.

Årdalstangen

OPPTUR: Årdal er endeleg ute av skugganes dal. No peikar dei økonomiske pilene oppover etter mange år med nedtur.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi føler at vi er komme eit steg vidare. Vi har merka at det har vore litt mindre aktivitet i bygda, seier dagleg leiar ved Klingenberg hotell, Erling Eggum, har dei siste åra fått merke den økonomiske motgangen i Årdal.

Klingenberg Hotell på Årdalstangen

VENTAR BETRE TAL: Klingenberg hotell på Årdalstangen ventar at oppturen held fram.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nedturen i kommunen sette inn for fullt i 2009. Klingenberg gjekk i fleire år med underskot av varierande størrelse. Først i 2013 snudde det, og då kom eit overskot på 1,1 millionar før skatt. Hotellet ventar også betre tal for 2014.

Kommunen merkar oppturen

Styremedlem ved hotellet og næringssjef i kommunen, Terje Laberg, registrerer at trenden gjeld dei fleste i Årdal.

– Vi har jo vore gjennom slike lågkonjunkturar før og vande med å leve med internasjonale konjunkturar. Men denne har eigentleg vart i nær fem år, og det er utruleg lenge. Dette har vore veldig utfordrande for Årdal-samfunnet. No ser vi endeleg slutten på det, seier Laberg.

Næringssjefen ser at økonomien i USA og Asia er i ferd med å ta seg opp. Utviklinga her er spesielt viktig for Årdal, der dei store eksportbedriftene og dermed også underleverandørane er avhengige av dei store konjunkturane.

– Omstillinga har vore vellukka

No har bransjane har ei positiv utvikling. Gjeld blir nedbetalt, og verksemdene er endeleg i rekrutteringsmodus igjen. Med det er optimismen tilbake på Klingenberg hotell.

– Ja det er veldig kjekt, og no kan vi også planlegge for framtida.

Egon Moen

OMSTILLING: Banksjef i Indre Sogn Sparebank, Egon Moen, meiner bedriftene har vore gjennom ei positiv omstilling.

Foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis.

Også banksjef i Indre Sogn Sparebank, Egon Moen, merkar at dei små- og mellomstore bedriftene har lagt bak seg ei vanskeleg tid.

– Det har vore eit tøff tid. Men vårt inntrykk er at mange bedrifter har klart å omstille seg til ein ny kvardag, etter finanskrisa og innstrammingar hos Hydro. Men no ser vi at dei nyt godt av tiltaka dei har gjort tidlegare.