Hopp til innhold

– Du blir vaksen av slikt ansvar

19-åringen Leiv Thomas Faulkner fekk gjenreisinga av eit freda hus rett i fanget etter storbrannen i Lærdal. Det har vore ei lang reise fram til første spadetak denne veka.

Sønneva Eris Hus

FØR OG ETTER: Til venstre ser du Sønneva Eris Hus før storbrannen i januar 2013. Til høgre har gjenreisinga endeleg starta, i oktober 2015.

Foto: Jan Christian Jerving

– Eg gjekk rett frå å vere ungdom til å ta vaksenavgjerder på dagen. Det har vore ei personleg utvikling. Du blir vaksen av slikt ansvar, det kan eg garantere, seier Faulkner.

Storbrannen i Lærdal sende 446 personar til legesjekk og 48 til sjukehus. Ingen liv gjekk tapt, men 17 bustadhus og totalt 42 bygningar brann ned til grunnen.

Ein av dei var det freda Sønneva Eris hus, som Faulkner arva etter faren året før brannen.

Sønneva Eris hus i brann under storbrannen i Lærdal

DRAMATISK: Sønneva Eris hus i brann under storbrannen i Lærdal.

Foto: Jan Erikstad

– Veldig tungt etter brannen

Det freda anlegget bestod av eit bakeri og eit hovudhus. Begge bygningane var freda etter kulturminnelova, men fredinga vart etter kvart oppheva.

– Rett etter brannen var det veldig tungt. Det var eit veldig omfattande prosjekt å starte på som 19-åring. Men eg fekk veldig mykje god hjelp.

Han rettar i dag ein takk til heile Lærdal, både kommunen og folk

Leiv Thomas Faulkner

LEIV THOMAS FAULKNER

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Eg er veldig nøgd med måten Lærdal, både kommunen og bygda, har oppført seg mot meg. Eg er veldig glad for måten eg har vorte teke i mot på. Eg vil først og fremst rose ordføraren, Jan Geir, som har handtert heile saka på ein eksepsjonell måte.

Branntomta etter Sønneva Eris hus

TIL GRUNNEN: Dei enorme kreftene i brannen gjorde at huset brann ned til grunnen.

Foto: Johan Moen / NRK

– Kan ikkje berre drite i det

No er første spadetak endeleg teke.

– Det er veldig godt. Det har vore ein lang prosess, men no er det i gang, seier Faulkner.

– Eg har lært utruleg mykje, både konkret om byggesak, men også om det å prate med folk om litt viktigare ting. I tillegg har eg lært at nokre ting berre må gjerast ferdig, du kan ikkje berre drite i det. Eg er ikkje glad for det som skjedde, men glad for læringa.

Sønneva Eris hus

LIKT PÅ UTSIDA: Leiv Thomas Faulkner seier huset blir likt på utsida. Inne vil ha byggje tre leilegheiter.

Foto: Jan Christian Jerving

Likt på utsida

Sjølv om fredinga er oppheva, vil lærdølene og tilreisande møte akkurat det same som før brannen. Inne kan Faulkner gjere som han vil, på utsida blir det likt som tidlegare.

– Då vart alle partar glade, og det er viktig. Inntrykket i gata vil vere det same som før brannen. Det er viktig for å bevare kulturminne i Lærdal og oppretthalde inntrykket folk fekk ved inngangen til gamlebyen i Lærdal, seier Faulkner.

Han er svært nøgd med forsikringsoppgjeret, og seier han har lagt ut om lag ein million sjølv. Når huset står ferdig, etter planen neste sommar eller haust, vil han leige ut dei tre leilegheitene han skal byggje inne i huset.