Elvis har nyleg signert kontrakten som binder han til oss ut 2013-sesongen, skriv klubben på si nettside.
Har spelt 166 kampar
26-åringen frå Elfenbeinskysten kom til Sogndal sommaren 2004 og fekk med seg seks kampar i eliteserien før han vart med klubben ned i 1. divisjon.
I 2010 noterte Elvis seg for to seriemål og eitt mål i cupen. Totalt står midtbanespelaren med 166 kampar og 30 mål i Sogndal sin adelskalender.
Bakke og Olsen
Frå før er det klart at Eirik Bakke sluttar seg til Sogndal-troppen ved årskiftet. Toppscorar Espen Olsen har forlenga ut 2011-sesongen, og Sogndal er framleis i forhandlingar med Førde-talentet Ruben Holsæter om ein overgang.
- LES OGSÅ:
To legg opp - éin til Brann
På minussida har Tommy Øren gjort det klart at han legg opp. Øren er misnøgd med det han oppfattar som manglande tillit hos trenar Harald Aabrekk.
- LES OGSÅ:
Legg opp gjer også 40-åringen Håvard Flo som går over i ei stilling i Sogndal sitt støtteapparat, mens kaptein Lars Grorud har signert for Brann.