Hopp til innhold

Elise (23) sin film opna moteveka i Milano

Elise Gulestøl tykte det var rørande å sjå kortfilmen sin, «Into Wilderness» opne moteveka i Milano.

Elise Gulestøl i Milano

ERFARING: Elise Gulestøl tek med seg mange nyttige erfaringar frå moteveka i Milano.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det var veldig fint. Det var mykje å oppleve og å sjå, og det var spennande å vere i mote-hovudstaden, seier Gulestøl, som opphavleg er frå Kalvåg.

Eksamensfilmen hennar, "Into Wilderness" var ein av 30 filmar som vart plukka ut blant 300 bidrag. Filmane vart synte på Milano Fashion Film Festival, som vart arrangert for første gong i år, som ein del av moteveka i Milano.

– Det er veldig stort og spennande, og det var veldig kjekt å få lov til å vere med og få sjansen til å oppleve det, seier Gulestøl.

Var ei spesiell oppleving

Ho legg ikkje skjul på at ho var nervøs før filmen skulle visast måndag.

– Eg var nervøs med ein gong eg vakna, for filmen min var den første som skulle visast. Eg var i grunn nervøs heilt til vi sette oss ned i salen. Men då filmen starta, var eg mest rørt, seier Gulestøl.

Å sitje i Milano og sjå kjende og kjære stadar som Florø, Kinn og vakker Sunnfjord-natur, gjorde inntrykk.

– Det er stadar som betyr veldig mykje for meg. Det var ei veldig spesiell oppleving og utruleg rørande, seier Gulestøl.

Vart kontakta av agentur

Kortfilmen hennar er ein fashion film om to personar som legg alt frå seg og lever i naturen ute ved kysten.

– Eg brukar norsk design for å fortelje den historia. Eg ville gå tilbake til der eg kom ifrå og det som betyr mykje for meg personleg, seier Gulestøl.

Ho tykkjer filmen vart godt motteken.

– Eg vart kontakta av eit agentur for filmregissørar, som er basert i Milano. Det kan bli veldig spennande i framtida, seier Gulestøl.

At filmen ikkje fekk nokon pris, plagar henne ikkje i det heile.

– Det er veldig stort. For meg er det større enn å vinne pris. Det er kjekt at nokon har sjekka ut arbeidet mitt, kven eg er og kva eg står for, og finn det interessant nok til å ta kontakt, noko som kan resultere i eit samarbeid, seier Gulestøl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Moteveka i Milano

MYKJE FOLK: – Eg var skikkeleg nervøs før filmen skulle visast, fortel Gulestøl.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Tek sjansane som byr seg

Ho er uteksaminert frå Bilder Nordic School of Photography, og har målsetjinga klar framover.

– Det er å jobbe med film, så det blir veldig spennande å sjå kva som skjer vidare, seier Gulestøl.

Ho håpar dette er med og opnar dører. Sjølv om ho har både mål og ambisjonar, peikar ho på at det ofte openberrar seg moglegheiter ein knapt kunne drøymt om på førehand.

– Det skjer så mykje rart som dreg ein i forskjellige retningar. Viss det er ein ting eg har lært, så er det at det ikkje er vits i å planleggje noko. Ting berre skjer, seier Gulestøl.

Ho legg ikkje skjul på at opplevinga og erfaringa frå Milano er noko ho tek med seg vidare.

– Eg har erfart at små tankar og idear kan bli veldig, veldig stort. «Into Wilderness» var ein veldig liten produksjon, samanlikna med dei filmane vi såg i Milano. Men har ein tru og vilje, så kan ein nå langt. Det tek eg med meg vidare, seier Gulestøl.