Medan lærarar og skuleleiinga meiner elevane treng å kople av fram mot ferien, er elevane leie av å drive dank. Foreldra fryktar at dei går glipp av viktig læring.
- SEI DI MEINING NEDST I SAKA: Bør skuleåret slutte tidlegare?
– Dei kunne brukt tida til å repetere i enkelte fag og ikkje berre drive aktivitet. Det blir for mykje av det, meiner Anne Katrin Horsevik Snildal i Førde.
Annan aktivitet
TRENG FRI: Rektor Åsmund Rakke meiner elevane får verdifull læring gjennom aktivitetane på tampen av skuleåret.
Foto: Siri Kleiven Strøm / NRKVed Førde barneskule vitnar tome klasserom om at sommarferien er like om hjørnet. Nokon er på tur, andre har aktivitetsdag.
Rektor Åsmund Rakke fortel det er færre vanlege skuledagar i juni, samanlikna med resten av skuleåret.
– Det er fordi at vi på vår skule har meir aktivitet av ein annan type, seier han og meiner det er viktig for elevane.
Meir fag
Sjølv har han sett elevar reise på fjelltur, og skulen har også fleire aktivitetsdagar på tampen av skuleåret. Horsevik Snildal, som har born både i 6. og 8. klasse, meiner elevane går glipp av verdifull læring.
Ho tykkjer elevane har nok tid til å vere aktive dei to månadene dei har ferie – og skulane kunne brukt tida til anna læring. Ho meiner elevane ikkje treng så stor oppmjuking før ferien.
– Det kunne godt ha vore litt meir fag. Dei siste 14 dagane spesielt har dei hatt ein eller annan tur, aktivitet, idrettsdag annankvar dag, seier ho.
(Saka held fram under avstemminga)
Mange reagerer
– Skal ein på fjelltur eller på kanotur, så er det positiv i høve til sosial læring, men foreldre må få vite kva læring som skjer og kva intensjon ein har i høve den aktiviteten, seier leiar i Foreldreutvalget for grunnopplæringen, Loveleen Rihel Brenna
Ho seier Horsevik Snildal ikkje er den einaste som reagerer på slappe skuledagar.
KRITISK: – Det er ikkje alltid ein veit målet med mange av turane skulen har. Ein veit heller ikkje kvifor det er ein times oppmøte den dagen og to timars oppmøte neste dag, seier Loveleen Rihel Brenna og oppmodar skulane til betre planlegging av skuleåret.
Foto: Øyvind Bye Skille / NRK– Det er mange foreldre som reagerer på at det er veldig slappt på slutten av året. Sosial læring er kjempeviktig, men vi set spørsmålsteikn ved kvifor all den aktiviteten skal samlast i juni, seier ho.
Må orientere betre
Utvalet ynskjer ikkje at skuleåret skal bli kortare for å unngå ustrukturerte skuledagar, men meiner skulane må bli flinkare til å planlegge skuleåret og informere foreldra.
Skulane har 190 undervisningsdagar i året som skal fyllast med innhald etter læreplanen.
– Foreldre blir usikre på om måla i læreplanen blir nådde. Det står lite om desse aktivitetane i skuleruta, så her må skulen formidle til foreldre kvifor ein legg opp juni slik, og om elevane har fått nok undervisning. Lag ein plan for juni månad i staden for at det er lite strukturert læring og mange aktivitetar som ingen forstår meininga med, seier ho.
Lei av å drive dank
Førde-elevane Tove Mariell Bruland og Bjørn Andre Nore i 7A er ganske nøgde med at juni er litt annleis enn resten av året. Nore fortel at dei i det siste har hatt mykje fritid på skulen. Fleire elevar, spesielt i ungdomstrinnet, har oppmøteplikt, men får gå heim etter ein eller to timar.
NØGDE: Bjørn Andre Nore og Tove Mariell Bruland er nøgde med skuleavslutninga.
Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK– Det er gøyare å ha mykje gym eller aktivitetar, enn å jobbe, meiner Bruland.
Fredrik Fjellestad på Sandane er ikkje samd. Han er lei av å drive dank og skulle mykje heller ha sett at skulen slutta tidlegare når dagane ikkje har noko fagleg innhald.
– Ikkje så kjekt
– Eg føler at dei berre gir oss oppgåver fordi dei berre skal gi oss noko. Eg trur ikkje dei har så mykje anna på planen. Det er ikkje så kjekt å sitje på skulen og gjere ting du veit ikkje kjem i bruk på noko måte, seier han.
Lærar Oddvar Flataker tykkjer det er viktig at elevane får seg litt tid til å trappe ned før dei går på to månader skulefri.
– Vi har kortare ferie vi enn nasjonane elles i Europa. Så vi treng det. Dei treng å gjere på litt andre ting, seier han.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
SJÅ: Elevar leie av å drive dank.
Verdifull læring
Rektor Rakke meiner at det ligg mykje verdifull læring i aktivitetane som no erstattar norsk, matte og engelsk.
– Vi tykkjer at den type aktivitet som ungane gler seg til i juni månad spesielt, det å komme seg på fjelltur og kanskje fiske litt. Det er verdifullt at dei har desse opplevingane med seg, seier han.