Hopp til innhold

- Ulovleg å flytte elevar meiner Fylkesmannen

Formannskapet i Bremanger har snudd i saka om grendeskulen Kolset Oppvekst. Fylkesmannen meiner kommunen handla ulovleg.

 Asle Skaar

GLER SEG: FAU-leiar Asle Skaar ved Kolset Oppvekst seier det var ei fin melding å få like før jul.

Foto: Privat

Førre veke fekk dei 10 elevane ved mellomsteget på Kolset Oppvekst. beskjed om at dei ikkje fekk byrja att på skulen etter nyttår. Årsaka var at lærarmangel gjer at dei må flyttast til Davik.

Foreldra har hevda at kommunen sitt vedtak var ulovleg, og klaga til formannskapet. FAU-leiar Asle Skaar er glad for at dei fekk gjennomslag

– Det var spontan glede blant alle som hadde møtte fram. Vi var mange som var spente på vedtaket. No er vi veldig nøgde, seier han.

Dersom dei 10 elevane i 5.–7. klasse hadde blitt flytta, hadde det berre vore seks elevar igjen ved skulen.

– Mange var lei at dei skulle bli mellombels flytta, så dette er ei gledeleg melding til elevane, seier han.

– Ulovleg av Bremanger

Utdanningsdirektør hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Åslaug Krogsæter, er nøgd med at formannskapet stogga vedtaket til administrasjonen. Etter at Fylkesmannen vart merksam på kva som var på gang i Bremanger, har det særleg det siste døgeret vore tett dialog med kommunen.

– Det skal mykje til å flytte ei heil elevgruppe frå ein skule. Det er klare reglar for korleis ein då skal gå fram, og for oss såg det ut som om det ikkje var på plass. Derfor har vi undersøkt saka nærmare. Vi har vore i dialog med kommunen for å forstå bakgrunnen og kvifor dei har gått fram som dei har gjort. Vi har forstått at dei no har korrigert kursen, slik at dei kan ha ein prosess som foreldra er trygge på og som er lovleg.