Hopp til innhold

Elevane fryktar dialekta deira vil forsvinne

Norge er eit land som er rikt på dialektar, men mykje tyder på at dei lokale variasjonane og særtrekka står i fare for å bli vaska vekk. Blant dei som forskar på dette finn vi nokre skuleelevar frå Luster.

Elevane Tora Bjørhusdal og Jasmin Kageni Namu

FORSKAR: Tora Bjørhusdal (til venstre) og Jasmin Kageni Namu har forska på dialekta i si heimbygd. Dei håpar ikkje den endrar seg meir enn den allereie har gjort.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Tora Bjørhusdal og Jasmin Kageni Namu i 7. klasse på Jostedalen skule har i vekevis utsett familie og medelevar for ein språktest. Målet har vore å finne ut korleis jostedalsdialekta har endra seg.

Språktesten er ei setning som folk må seie, og første ord i setninga er «elektrikar». Medan læraren deira, Arvid Elvekrok, som kallar seg sjølv ein ekte jostedøl, legg trykket på den første stavinga i ordet, uttalar dei to jentene ordet slik dei fleste ville gjort det.

– Det er jo litt synd

Og slike er det med fleire av lydane i dialekta, dei er i ferd med å bli vaska vekk. Sjuandeklassingen Tora Bjørhusdal likar ikkje utviklinga ho sjølv har vore med på å avdekke.

– Det er litt synd då. Det er jo eit særtrekk med akkurat denne plassen, seier Bjørhusdal.

Arvid Elvekrok

VASKEEKTE JOSTEDØL: Det kallar lærar Arvid Elvekrok seg sjølv, men likevel blir det av og til krøll i dialekta hans også. Bak frå venstre: Jostein Tennø Loe, Øyvind Hoel, Stig Kvam, Sondre Norberg, Jonas Snøtun og Thea Tuften, som alle går i fjerde og femteklasse.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Men Jostedølene er langt frå åleine om å miste desse særtrekka ved talemålet.

– Dialektene er i endring overalt og det har dei alltid vore. Særleg stor er dialektendringa på Austlandet, og så ser ein også utjamninga rundt dei større byane på Vestlandet, og sjølvsagt også til dels i Nord-Norge der det er bymål som påverkar dialektene rundt, seier språkprofessor Øystein Vangsnes.

Tilflytting skaper krøll

I Jostedalen, som så mange andre plassar, er det tilflytting eitt av dei største problema for dialekta. For tilflytting kan få ei utvikling til å gå raskare.

Øystein Vangsnes

HEILA TIDA I ENDRING: Det seier språkprofessor Øystein Vangsnes om dialekter.

Foto: Lars Nes

– Ofte ser ein at der det er sterk lokal identitet så held dialektpreget seg lenger, seier Vangsnes.

Men heller ikkje læraren, den vaskekte jostedølen, er immun mot påverking utanfrå. For før læraren flytte tilbake til heimbygda, både studerte han og var førelesar i andre kantar av landet i fleire år. Og det merkast særleg godt når han skal undervise, for då endrar tonefallet seg heilt.

– Det er litt rart det der, og det er mange som ler av meg, men når eg går opp til ei tavle så får eg førelesardialekt. Eg har ikkje kontroll over det.

Meir bevisste på dialekta

Tora Bjørhusdal trur at det å forske på si eiga dialekt kan vere med på å stogge trenden.

– Det er mange som prøvar å snakke meir dialekt no, trur eg.

Om ho skal spå 50 år fram i tid er hennar største ønske at dei i Jostedalen ikkje snakkar slik dei gjer i Oslo.

– Viss dei om snakkar slik som den unge generasjonen her gjer i dag, då er jo det eigentleg bra nok.