Hopp til innhold

Austlendingane får straumen, vi får rekninga. – Urettferdig, meiner han

Straumkundane i Sogn og Fjordane får ei ekstrarekning på opptil 800 kroner i 2015.

Asgeir Aase

URETTFERDIG: Nettdirektør Asgeir Aase likar ikkje at straumkundane i Sogn og Fjordane skal betale for at andre skal få bruke straumen herifrå.

Foto: Johan Moen / NRK

Ei av årsakene er at kraftselskapa må byggje ut og forbetre straumnettet for å sende store mengder fornybar straum, fortel Asgeir Aase, nettdirektør i SFE. Dette er straum som ikkje skal brukast i Sogn og Fjordane.

– Norge ynskjer mykje fornybar energi. Potensialet for det ligg i våre område. Sogn og Fjordane har i særklasse det største potensialet, så det må byggjast nett for å få det på plass.

– Svært urettferdig

Nettleiga blir igjen auka fordi det skal satsast på grøn energi i Norge og som blir bygd ut i Sogn og Fjordane. Dette er energi som fylket ikke treng sjølv, men som skal sendast til andre delar av landet.

– Det er dessverre slik at det blir betalt av kundane i vårt område, og det er svært urettferdig. Skilnaden mellom oss og dei andre blir 30 til 40 prosent, seier Aase.

Austlendingane får straumen, medan innbyggjarane i Sogn og Fjordane får rekninga. Årsaka er utbygging av regionalnettet som er naudsynt for at til dømes produsentar av småkraftverk og annan fornybar energi kan få levert straumen frå seg.

Er du kunde i Sunnfjord Energi med eit forbruk på 20.000 kilowattimar i året får du ei ekstrarekning på rundt 800 kroner. SFE vurderer å ta 500 kroner i auke.

Kraftlinje

STRAUM UT AV FYLKET: Utbygging av straumnettet for å sende straum til Austlandet fører til dyrare nettleige for folk i Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Rett og slett tåpeleg

Dette fell ikkje i god jord hjå dei NRK snakka med på gata i Førde.

– Dette bør politikarane ta tak i og gjere noko med, seier ei.

– Dette er rett og slett tåpeleg, seier ein annan.

Asgeir Aase meiner vi må godta at vi må betale litt meir fordi vi er få straumkundar i Sogn og Fjordane.

– Men det at vi må betale la oss seie 10 øre meir per kilowattime fordi vi må byggje fornybar energi på nett som er etterspurt politisk i Norge, det er veldig urettvist. 

Ikkje vilje til utjamningsfond

Og nettleiga kan stige meir dei neste åra på grunn av at dei lokale kraftselskapa må byggje ut nettet. I framtida kan det bli opp til 2000 kroner meir for ein vanlig heim. Aase i SFE meiner det bør opprettast eit fond for å jamne ut skilnadene i landet.

– Det finst enkle måtar å handtere det på dersom det er politisk vilje til det. Etter mi meining vil eit utjamningsfond vere ein enkel måte å gjere det på.

Men det er ikkje politisk vilje til dette forslaget i regjeringa. Olje- og energiminister Tord Lien meiner at kraftselskapa i staden bør slå seg saman for å få jamne ut skilnadene i nettleiga.

– Innanfor konsesjonsområdet til eit nettselskap er det ved lov slege fast at nettleiga for ein type forbrukar skal vere lik for alle i det området. Dersom vi ser for oss eitt nettselskap for heile Vestlandet så vil alle kundane på Vestlandet få same nettleige uansett kvar i området dei bur.

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp)

- SAMANSLÅING ER LØYSINGA: Olje- og energiminister Tord Lien meiner skilnadene blir jamna ut dersom kraftselskap slår seg saman.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– For mange kraftselskap

Han meiner dei 140 kraftselskapa vi har i dag er for mange. Med større selskap trur Tord Lien at dei vil kunne ta kostnadene utan at nettleiga vil auke dramatisk.

– Eg trur vi treng meir robuste eigarskap i nettet, både fordi vi no skal innføre automatisk straummåling til alle straumkundane i Norge, og fordi vi står framfor eit betydeleg investeringsbehov.

Men Asgeir Aase i SFE trur det å få færre og større selskap ikkje vil virke slik Lien har tenkt.

– Det kan og føre til det stikk motsette. Kven vil slå seg saman med selskap som er dyre naturleg og dermed sjølv få dyrare nettleige?