Hopp til innhold

Eitt av tre born fekk ikkje tilsyn

Kvart tredje barnevernsbarn fekk i fjor ikkje lovpålagt tilsyn.

Barnevern

Eitt av tre barnevernsborn som har krav på tilsyn, fekk det ikkje i fjor. - Dette er uhaldbart, seier Øyvind Håbrekke (KrF) i Familie- og kulturkomiteen, og vil ha full barnevernsdekning innan åtte år.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Tilsynsføraren skal gjennom fire årlege besøk avdekke om det er problem i den nye fosterfamilien, og om bornet får god behandling. Men mangel på tilsynsførar og sommel i kommunane gjer at tilsyn blir utsett.

- Uhaldbart

Øyvind Håbrekke

Øyvind Håbrekke (KrF).

Foto: Jørgen Pettersen / NRK

Dette gjeld 680 born som hadde vore i fosterheim i meir enn eitt år, viser tal frå Barne- og likestillingsdepartementet. Åtte av borna bur i Sogn og Fjordane. Uhaldbart, seier KrF-politikar Øyvind Håbrekke i Familie- og kulturkomiteen.

- Når styresmaktene går inn og gjer eit så alvorleg inngrep som å ta born ut av familien sin og å gje dei ny familie gjennom ein fosterheim, så må ein sikre at dei får god nok omsorg, seier han.

- Mykje som gjer vondt

I førre veke fortalde ein 18-åring frå Sogn at det er snart eitt år sidan veslesystera hennar (14) fekk besøk av tilsynsførar. No mistrivast jenta slik i bygda .

- Ho seier at ho vil ta livet sitt, at det er ingen som bryr seg om kva ho seier. Det er mykje som gjer vondt, fortel 18-åring.

Full dekning i 2017

Henriette Westhrin

Henriette Westhrin (SV).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

På spørsmål om kva regjeringa gjer med problemet, svarar statssekretær Henriette Westhrin i Barne - og likestillingsdepartementet i ein epost at departementet tidlegare har teke opp situasjonen med fylkesmennene. Det er ikkje godt nok, seier Håbrekke. KrF krev full barnevernsdekning innan 2017.

- Vi må gje dei fosterheimane og tilsynsførarane vilkår som gjer at folk er motiverte for å stille opp, seier han.