Hopp til innhold

Eithun og Horrem sikra topp ti-plassering i EM

Geir Eithun og Iver Horrem vann sin tredje strake 2-0-siger i EM i beachvolleyball fredag. Dermed er dei sikra topp ti-plassering, og er klare for åttandedelsfinale laurdag.

Horrem og Eithun

TOPP TI: F.v. Iver Horrem og Geir Eithun siktar blant topp ti i EM.

Foto: FIVB

– Det kjennest veldig godt. No har vi endeleg funne litt ut av det, og vunne tre kampar på rad etter ein litt treg start. No er vi sikra ein topp ti-plassering, som gir oss stadfesting på at vi har jobba rett både i vinter og i sommar. No er vi både letta og glade, seier Geir Eithun.

Eithun og Horrem knuste den sveitsiske duoen Chevallier-Kovatsch 2–0 (24-22 og 21-15) i kampen i ettermiddag.

– Vi rota litt i starten, så det var eit jamt førstesett heilt til vi fekk sett spelet vårt skikkeleg. Då vann vi ganske greitt det andre settet, seier Eithun.

Møter heimelaget i morgon

I morgon ventar ein duo frå Austerrike, og sidan dei spelar på heimebane, reknar Eithun det som sikkert at dei er ekstra tente på å vinne.
Men det er nordmennene også.

– Det er spesielt å møte Austerrike på heimebane på verdas beste beachvolleyballarrangement i ein vinn eller forsvinn-kamp. Det blir rått framfor 8.000 heimesupporterar. Det er ikkje problem å bli gira til det, seier Eithun.

Han trur det kan bli tøft å få sove godt i kveld, for spenninga er til å ta å kjenne på allereie.

– No hadde vi ei god erfaring med dei førre veke, og vi slo dei i akkurat tilsvarande kamp i Los Angeles då i eit skikkeleg bikkjeslagsmål, så vi får ta med oss den erfaringa, seier Eithun.

Har fått ein smell i ryggen

Tidlegare på dagen spelte dei ein veldig god kamp og vann 2–0 mot det førsteseeda laget i Europa.

– No er vi litt i flytsona, så vi får sjå om vi ikkje klarar å surfe litt på det vidare også, seier Eithun.

Men han legg ikkje skjul på at det tøffe kampprogrammet merkast.

– Absolutt. Eg har fått ein liten smell i ryggen, så det meste av tida mellom kampane går stort sett med til å liggje på senga, få i seg mat, restituere og få i seg rikeleg å drikke. Det er over 30 grader her nede og varmt, så det er mange omsyn å ta, seier Eithun.

Smellen i ryggen trur han ikkje vil bety noko.

– Vi har vunne to kampar etter at eg fekk den, så det trur eg går bra. Men eg skulle gjerne vore han forutan. Belastninga er ganske stor, så både litt behandling og smertestillande må til. Men eg reknar med at adrenalinet vil føre til at eg ikkje merkar noko til det i morgon i det heile, seier Eithun.

Rio 2016 er hovudmålet

Vinn dei kampen mot Austerrike i morgon, er det kvartfinale på ettermiddagen.

– No er det vinn eller forsvinn heile vegen. Alt herifrå og ut er ein og ein ball for oss, seier Eithun.

Hovudmålet for duoen er framleis OL i Rio i 2016, og ei topp ti-plassering i EM passar fint inn i planane.

– Vi har sagt at ei topp ti-plassering er ei stadfesting om at vi har jobba rett, og det er godt å få. Nett no spelar vi bra, og det er ingen som skal like å møte oss no. Det er ingen vi ikkje kan slå, seier Eithun.