Hopp til innhold

Påske Jam gjekk inn i historiebøkene med flagget til topps

– Det er vemodig, vedgår Erling Paul Eikemo etter at dei siste tonane har døyvd seg i Holmedal bygdehus.

Påskejam i Holmedal

PÅ SCENA: Torbjørn Gran, kjend frå Kokken Tor og Kruttrøyk, var mellom artistane som stod på scena.

Foto: Askesus musikklubb

Onsdagens Påske Jam var den 20. i rekka, men også den siste.

– Vi føler at vi har nådd mettingspunktet for konseptet. I dette formatet, så er det siste. Det er vemodig, men vi ynskjer å stå friare til å gjere andre konsept, med mindre arbeid og meir kos for oss, seier Erling Paul Eikemo.

– Mest gode minner

Det er Musikklubben Askesus som har stått for arrangementet som no har gått over i historiebøkene. Det heile byrja julehelga 1994, og avslutta påskehelga 2014. Det skulle gje 40 jam-arrangement.

(Artikkelen held fram under videoen)

De startet jammen for 20 år siden, og hver onsdag i påsken har de invitert til dans og jam i Holmedal bygdehus. I år ble siste året.

SJÅ VIDEO: Vi følgde Erling Paul Eikemo, Einar Alsaker og Rikard Herland gjennom den siste påskejammen. (Foto/Redigering: Johan Moen)

I år stod Grand Prix, Sunday Morning og Yum Yum Boys på programmet. Tradisjonen tru, vart det ein suksess.

– Vi har mest gode minner og vi har hatt utruleg mykje moro undervegs, fortel gjengen bak arrangementet.

14.000 billettar

Påskejam i Holmedal

GOD STEMNING: Billettprisen har gått frå 50 til 300 kroner på 20 år, utan at publikum sviktar påskejammen.

Foto: Askesus musikklubb

Dei har veksla mellom Holmedal og Askvoll som arena, og det var bygdehuset i Holmedal som fekk setje punktum.

Arrangørane har brukt all fritid dei siste par vekene for å setje eit best mogleg punktum. Opp gjennom tida har musikklubben hatt 14.000 besøkande innom dørene desse to høgtidene, og dei vedgår at responsen har vore tilfredsstillande.

– Betalinga sjå at folk har det kjekt og let vel etterpå. Då føler du at du får litt att for alt arbeidet du har lagt ned, seier Eikemo.

Påskejam 2014

MYKJE FOLK: Heller ikkje i år svikta publikum påskejammen.

Foto: Askesus Musikklubb