Eit steg nærare knutepunktfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival utekonsert. Foto: Arild Nybø

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival utekonsert. Foto: Arild Nybø

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er no eit langt steg nærare statusen som knutepunktfestival. Det seier kunstnarleg rådgjevar for festivalen, Hilde Bjørkum, etter at Kulturkomiteen no har innstilt på at folkemusikkfestivalen skal få knutepunktstatus.

Økonomisk vil det heilt klart bety eit løft for festivalen. Som knutepunktfestival dekkjer staten 60 prosent av det offentlege tilskotet og regionane 40. Det vil gi folkemusikkfestivalen eit samla offentleg tilskot på 3,3 millionar kroner neste år. Noko som er ein auke på femti prosent i høve til i år.

Høgare status

Det er også eit stort løft statusmessig. - Det betyr at vi er rekna som ein av dei fem viktigaste musikkfestivalane i Norge, seier Bjørkum.

14. februar skal saka opp til endeleg handsaming i Stortinget.

Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.