Hopp til innhold

Sognefjellet har strålande skiføre

Trass i mildvêret: Sognefjellet har strålande skiføre.

Sognefjellet

Storslegen natur på Sognefjellet. Kven får ikkje lyst å spenna på seg skia når ein ser slike bilete?

Foto: Anders Fortun

– Det er flotte forhold på Sognefjellet no, seier Anders Fortun, som er ein av dei som no preparerer skiløyper for full maskin.

Einaste i landet

– Sognefjellet er no den einaste staden i landet ein får skikkelege skiløyper, seier Fortun.

Han ventar at om lag 80–90 personar skal koma å nytta seg av dei nypreparerte løypene i helga.

Sognefjellet

Det blir jobba mykje for at forholda skal bli optimale.

Foto: Anders Fortun

– I dag var det to varmegrader, so det tærar litt på snøen. Snødjupna varierer mellom 30 centimeter og 50 centimeter, fortel Fortun.

Høyr praten med Anders Fortun i ettermiddagssendinga i dag.

Sognefjellet

Gravemaskin må til for å skaffa nok snø til løypa.

Foto: Anders Fortun