Hopp til innhold

Traktor køyrde av vegen - førar omkom

Det var den 56 år gamle Lars Anders Veum som omkom i traktorulykka i Vetledalen i Aurland fredag morgon.

Føraren av ein traktor omkom då han hamna utfor vegen i Vetledalen i Aurland tidleg fredag morgon.

ULUKKE: Føraren av ein traktor miste livet etter at køyretøyet hamna utfor vegen på ein anleggsveg på fjellovergangen Hol-Aurland. FOTO: Arne Veum/Aurlendingen.

Politiet fekk melding om trafikkulukka på fylkesveg 50 Hol-Aurland vest av Berdalstunnelen like før klokka 08.30 fredag morgon.

Ulukka skal ha skjedd på anleggsvegen som går til Aurland 2 kraftstasjon i Vetledalen.

Alle naudetatane rykte ut til staden, der ein traktor hadde hamna utfor vegen. Etter det NRK får opplyst skal det vere vel 50 meter frå vegen og ned til der traktoren vart funnen. Politiet opplyser klokka 11 at føraren av traktoren er omkomen.

– Føraren hadde eit arbeidsoppdrag på staden, og har truleg kome der mellom klokka 05 og 06 i dag tidleg, før dei andre skulle på jobb, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Dei andre som jobba der kom til staden rett før klokka halv ni og fann traktoren med førar utfor vegen, seier Hope vidare.

Dei som kom til skal ha sett i verk strakstiltak, men føraren vart stadfesta omkomen med det same helsepersonell kom til staden.

Det var ikkje vitne til sjølve hendinga. Ifølgje politiet er det snø og is på vegen der ulukka skjedde. Traktoren skal ha hatt kjettingar.

Det er sett i gang etterforsking av ulukka, og Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla. I tillegg er ulukkesgruppa til Statens vegvesen kontakta.

– Politiet er på staden for å gjere åstadsundersøkingar, seier Hope til NRK.no.

Førar omkom etter at traktor køyrde av vegen på ein anleggsveg i Vetledalen, Aurland

INGEN VITNE: Det var ingen vitne til utforkøyringa som politiet meiner har skjedd mellom klokka 05og 06 i dag tidleg.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen
Utforkøyring i Vetledalen i fjella i Aurland

ULUKKE: Utforkøyringa skjedde på ein anleggsveg som går til ein kraftstasjon i Vetledalen.

Foto: Kart/NRK