Hopp til innhold

Mann i 40-åra sikta for falsk forklaring og fengsla etter Veronica-dødsfall

Politiet stadfestar at dei torsdag sikta ein mann i 40-åra for falsk forklaring etter at Veronica Heggheim Stegjerdet (22) vart funnen død. Mannen er no fengsla.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

ARRESTERT EIN PERSON: Politiet har sikta eit vitne for falsk forklaring i samband med Veronica-saka.

Foto: Privat

Eit vitne som avga forklaring til politiet i samband med etterforskinga av at Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) var forsvunnen, er sikta for falsk forklaring. Det stadfestar regionlensmann Asle Karoliussen.

– I samband med etterforskinga sikta vi eit vitne torsdag for falsk forklaring i avhøyret av vedkommande.

I ei pressemelding frå politiet blir det stadfesta at det er ein mann i 40-åra som er fengsla. Politiet skreiv først at mannen er i 30-åra, dette vart seinare retta. Mannen er heimehøyrande i indre Sogn.

Varetektsfengsla i ei veke

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart meldt sakna frå heimen sin 25. oktober og vart seinare funnen omkommen i Barsnesfjorden i Sogndal. Politiet har ikkje fått den endelege obduksjonsrapporten som stadfestar dødsårsaka til Stegegjerdet.

(Saka held fram under bilete)

Asle Karoliussen

FENGSLA EIN PERSON: Regionlensmann Asle Karoliussen stadfestar at ein person er fengsla etter å ha gitt frå seg falsk forklaring.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Samstundes vart vedkommande sikta for eit straffbart forhold i forhold til narkotikalovgjevinga, seier Karoliussen.

Han vil ikkje kommentere om det gjeld oppbevaring eller bruk av narkotika.

Vedkommande er varetektsfengsla i ei veke, opplyser politiet. Førebels vil ikkje politiet seie noko om kva den sikta har forklart i avhøyr.

Rolla til sikta er uavklart

Dei kommenterer heller ikkje kva rolle vedkommande har hatt i samband med at Veronica Heggheim Stegegjerdet var forsvunnen og seinare funnen død.

– Nei, personen har framleis er rolle som vitne. Men vedkommande har gitt ei vitneforklaring som frå vår ståstad ikkje er riktig. Då er det ein naturleg prosess for oss å sikte vedkommande for falsk forklaring.

Regionlensmannen ønskjer ikkje å stadfeste om dei har kjennskap til den sikta frå før.

– Eg ønskjer ikkje å gå i detaljar på personen, seier Karoliussen.

Han understrekar at det er viktig for etterforskinga å få fram rett informasjon, og at når så ikkje skjer blir det gjort nødvendige tiltak.

Karoliussen presiserer at vedkommande ikkje er sikta for verken forsvinning eller dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet, men at det er ei vitneforklaring som ikkje er rett.

– Djupt ulukkeleg

Forsvarar til 40-åringen, Trygve Staff, seier mannen tar siktinga tungt.

– Han er djupt ulukkeleg over siktinga. Han har frykta at det ville komme ei kopling av siktinga opp mot dødsfallet til Veronica Stegegjerdet. Så han tar situasjonen han er kommen i svært tungt.

Forsvarer Trygve Staff

FORSVARAR FOR SIKTA: - Den sikta tar situasjonen svært tungt, seier forsvarar Trygve Staff.

Foto: Dina Johnsen / NRK

Men den sikta meiner han har forklart seg rett.

– Mannen vedgår ikkje straffskuld for å ha forklart seg feil. Men når det gjeld cannabis-forholdet så vedgår mannen det vesentlege der, seier Staff.

Indre-sogningen er i tillegg til falsk forklaring også sikta for eit mindre brot på narkotikalovverket.

– Det er eit mindre cannabis-forhold som han også vart sikta for, seier Staff.

Forsvararen ønskjer ikkje å utdjupe kva den sikta har forklart til politiet. Men Staff tolkar politiet til å meine at den sikta har forklart seg urett med vilje, men viser til at den sikta ikkje vedgår å ha forklart seg feil.

Staff ønskjer ikkje å forklare kva rolle den sikta hadde den dagen Veronica forsvann.