Hopp til innhold

Ein ny attraksjon?

For ei veke sidan vart Olden-Innvik kåra til Noregs verste vegstrekning. No har stekninga i tillegg fått skilt frå ein kreativ stryning.

Noregs verste veg, Innvik-Olden

Eivind Nedreberg frå Stryn kom over skiltet nede i venstrø hjørnet på ei av dørene til bussfabrikken Vest onsdag.

Foto: Fotomontasje NRK

Onsdag denne veka kom stryningen Eivind Nedreberg over skiltet som seier "Olden-Innvik, Norges verste veg" på ei av dørene på bussfabrikken Vesta i Stryn.

Noregs verste

- Eg har mine tankar om kvar det kjem frå, flirer Nedreberg som meiner at ein kanskje burde vurdere å få sett opp skiltet på den aktuelle strekninga.

Bakgrunnen for skiltet er nok Nettavisen si kåring i førre veke, der strekninga riksveg 60 mellom Olden og Innvik vart kåra til Noregs verste vegstrekning.

- Denne vegen er noko av det verste ein kan komme borti, det kan eg skrive under på, sa Morten Hagen, som brukar vegen mykje.

LES: Dette er Noregs verste veg