Det stadfester politijurist Erling Melvær til NRK. Tenåringen er framleis sikta i saka.
– Vi ser ikkje faren for tap av bevis som særleg overhengande, difor ser vi ikkje grunn til å halde på han, seier Melvær.
- Les også:
- Les også:
Han opplyser at det er teke avhøyr av den eine som no sit i arresten, den andre vil bli avhøyrt i løpet av dagen. Begge dei to har fått oppnemnd forsvarar. Mannen som er sleppt fri har ikkje blitt avhøyrt.
– Er dette personar politiet har vore i kontakt med i tidlegare saker?
– Eg har ikkje opplysningar om det no, seier Melvær.
– Korleis stiller dei seg til siktinga?
– Det ønskjer eg ikkje å seie noko om enno.
Alle dei tre sikta er busette i Nordfjord. Politiet ønskjer ikkje å seie kva bevis som førte til arrestasjonen av dei tre. Den fornærma har ikkje lokal tilknyting. Jenta har fått oppnemnd ein bistandsadvokat og blir teken vare på gjennom ho.
Politiet ser svært alvorleg på saka og har sett inn alt tilgjengeleg mannskap.
– Kjem politiet til å be om ekstra bistand?
– Per tidspunkt har vi ikkje valt å gjere det. Vi har gjennomført dei innleiande etterforskingsskritta som vi meiner er naudsynte ved hjelp av eige mannskap, seier Melvær.