Hopp til innhold

Tre personar drepne i busskapring - ein mann i 30-åra er pågripen

Ei kvinne og to menn er stadfesta drepne etter at Valdresekspressen er kapra mellom Årdal og Tyin. Gjerningsmannen, ein mann i 30-åra, skal vere arrestert og teke hand om av helsepersonell.

Drept fraktes bort

FRAKTA VEKK: Tre personar er drepne etter busskapringa på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. Dei omkomne blir no frakta vekk frå åstaden.

Foto: Egil Jørgen Lund / NTB scanpix

Veit du noko om dette? Tips oss på 03030 eller 03030@nrk.no

– Tre personar er stadfesta drepne. Vi har ikkje opplysningar om at andre skal vere skadde, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes til NRK.no.

Mannen i 30-åra skal ha vore væpna med kniv. Han blei pågripen av brannmenn som kom til staden klokka 18.57. Dei pågreip mannen på utsida av bussen. Han er frakta til Haukeland universitetssjukehus med politieskorte.

Ifølgje ei pressemelding frå politiet er mannen i 30-åra ikkje etnisk norsk.

Valdresekpressen har oppretta eit informasjonssenter som pårørande og berørte av busskapringa mellom Årdal og Tyin kan kontakta. Nummeret er 61 36 59 00.

Årdal kommune sitt pårørandesenter er etablert i samfunnshuset på Årdalstangen og har telefonnummer 57665221.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valdresekspress-kapringen» i nytt vindu

Pågripen av brannmannskap

– Det var først melding om at det var ei trafikkulukke. Brannmannskap kom først til staden og dei fekk pågripe mannen, seier Refsnes.

Han kan ikkje enno ikkje seie om det er nokre relasjon mellom dei drepne og mannen i 30-åra.

– Vi kan førebels ikkje seie noko meir om den pågripne mannen. Vi er no i ferd med å varsle dei pårørande, seier han.

Like før klokka 18 fekk NRK stadfesta at ein buss vart kapra mellom Årdal-Tyin like etter klokka 17.30.

(Artikkelen held fram under biletet)

Buss Årdal Tyin trippeldrapet

BUSSEN: På denne bussen blei tre menneske drepne måndag kveld. Politiet driv no tekniske undersøkingar på åstaden.

Foto: Christian Blom / RNK

Gjerningsmannen skadd

Sea King-helikopteret frå Florø var på veg til Årdal, men har no snudd og landa i Førde.

Politiet i Sogn og Fjordane bad om bistand frå politiet i Valdres. Det er sendt ei patrulje frå Vang. Beredskapstroppen skal også vere varsla, men sidan gjerningsmannen er arrestert er dei haldne tilbake i Oslo.

Den antatte gjerningsmannen skal sjølv vere skadd, og er no på veg til sjukehus med kuttskadar.

Trudde det var trafikkuhell

I området skal det no vere seks politibilar, og bussen er mørklagt.

– Vi fekk melding om at det var eit trafikkuhell. Men då vitne skulle hjelpe til, fekk dei sjå ein desperat mann i bussen, seier operasjonsleiar Venke Hope til NRK.

Journalist Hanne Stedje i Sogn Avis melder frå staden at ein person no er arrestert og teken hand om av helsepersonell. Ho oppheld seg om lag 250 meter frå bussen.

Samlar kriseteamet

Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal hadde klokka 18.40 nettopp fått melding om hendinga på fylkesveg 53 Årdal-Tyin.

– Det er forferdeleg at noko slikt kan skje. Eg og rådmannen er no på veg til rådhuset, seier Lægreid til NRK.no.

Kort tid seinare har kommunen samla kriseleiinga på rådhuset på Årdalstangen. Det er også oppretta eit pårørandesenter på samfunnshuset.

– Vi må gjere det vi kan. Dei som føler behov for det og treng hjelp kan ta kontakt på 57665221 eller møte opp. Vi prøver å hjelpe så godt som vi kan.

Skodde og snøføre i området

NRK har vore i kontakt med sjåførar som har køyrd over fjellovergangen like før hendinga. Det skal vere snøføyke i området, og dermed vanskeleg sikt.

Helse Førde har kalla ut alt tilgjengeleg mannskap i området, inkludert fleire ambulansehelikopter, Sea King og kommunalt helsepersonell.