Hopp til innhold

Ein av desse bilane slepp eingongsavgift - og det er neppe den du trur

Alt etter type betalar politiet mellom 181.000 og 487.000 kroner i eingongsavgift på køyretøya sine. Ambulansar, røykdykkarbilar og gravferdsbilar er derimot fritekne for avgifta.

Politibil og bårebil

MED OG UTAN: Medan det må betalast full eingongsavgift på politibilar, er gravferdsbilar fritekne for eingongsavgift.

Foto: Helge Lyngmoe/Kurt Inge Dale / NRK

– Vi er i den merkelege situasjonen at vi som naudetat må betale eingongsavgift for bilane våre, sjølv om vi til dels må gjere store endringar på bilane etterpå. Det gjer at bilane våre vert dyrare, seier hovudverneombod i politiet, Audun Buseth.

Når ein kjøper ein ny bil, eller importerer ein bil som skal registrerast for første gong i Norge, må ein betale eingongsavgift.

For personbilar vert storleiken på avgifta bestemt ut frå kor mykje bilen veg, kva effekt bilen har og kor mykje Co₂ bilen slepper ut.

Ville kunne skifta ut bilane raskare

Det vil i korte trekk seie at ein tyngre og sikrare bil, med mange hestekrefter, kostar meir enn ein lett bil med liten motor.

– Det gjer at vi til dels må velje bilar som ikkje er optimale for det vi skal bruke bilen til. Hadde vi sleppt eingongsavgift ville det stimulert både til at vi vel rett køyretøy, og til at vi kunne skifte ut bilane raskare, seier Buseth.

Han peikar på at ein då kunne bruke pengane til investeringar, framfor reparasjonar og vedlikehald av gamle politibilar.

Opplever mykje frustrasjon

Han tykkjer det er underleg at både ambulanse og røykdykkarbilar, samt gravferdsbilar er unnateke eingongsavgift når politibilar ikkje får same fritaket.

– Det burde vore ordna opp i for lengst, seier Buseth.

Som hovudverneombod i politiet får han ofte høyre korleis medlemmene merkar utrangert bilpark på kroppen.

– Vi brukar mykje av arbeidstida vår i bil. Det er mykje frustrasjon over dårleg bilpark og ei for låg utskiftingstakt, seier Buseth.

Vil stille spørsmål til justisministeren

Jenny Klinge (Sp), som er medlem i Justiskomiteen, tykkjer ordninga er rar.

Jenny Klinge

VIL PRØVE MEIR: Jenny Klinge (Sp)

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg vil stille spørsmål til justisministeren om kva som er bakgrunnen for at det er slik. Og så vil vi sjå på om det er mogleg å få til ei endring, seier Klinge.

Komitekollega, Kjell Ingolf Ropstad (KrF), seier at KrF har løfta problemstillinga seinast i år, utan å lukkast.

– Stortinget inngjekk eit forlik om politireforma i vår. Då fremja vi forslag om å frita politiet for den avgifta, men det fekk vi ikkje fleirtal for, seier Ropstad.

Kjell Ingolf Ropstad

HAR PRØVD: Medlem i justiskomiteen, Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Meiner det ikkje vil løyse noko

Statssekretær i Finansdepartementet, Jørgen Næsje, vil ikkje stille til intervju. Men skriv i ein e-post at:

– Eingongsavgifta har først og fremst til hensikt å skaffe staten inntekter, skriv Næsje.

Statssekretær Jørgen Næsje

NEI: Statssekretær Jørgen Næsje i Finansdepartementet har ikkje tru på at det løyser noko problem å fjerne eingongsavgifta på politibilar.

Foto: Regjeringen

Han peikar vidare på at løyvingsforslaga som vert fremja av regjeringa inkluderer alle kostnadar, også avgifter.

– Å frita politiets utrykkingskøyretøy frå avgifter vil ikkje gjere det rimelegare for staten å skaffe køyretøy til politiet. Det kan likevel vere at ein ikkje oppnår ønska effekt av avgifta, som å stimulere til kjøp av køyretøy med låge utslepp, skriv Næsje.