Hopp til innhold

Eid kommune nominert til klimapris

Eid kommune er i storfint selskap når dei no er nominert til "Årets lokale klimatiltak i Norge" for 2012. Det er Fjordvarme-satsinga som har gitt nordfjordingane finaleplassen.

Alfred Bjørlo

FJØR I HATTEN: Eid-ordførar Alfred Bjørlo er svært stolt over nominasjonen til 'Årets lokale klimatiltak i Norge'.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, er svært stolt over at dei er nominert.

– Det er ei stor fjør i hatten for Eid at vår storstilte satsing på miljøvenleg fjordvarme no får nasjonal merksemd, seier Venstre-ordføraren.

Det er KS og Miljøstifitinga Zero som står bak prisen. Eid kjempar mot Oslo, Trondheim, Drammen og Mandal om prisen som heidrar kommunar som gjer ein innsats for å kutte i sine klimagassutslepp ved å velje nye løysingar.

Fornybar varme og kulde

Fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid er eit pilotprosjekt og er det største av sitt slag i landet med samla investeringar på ca 30 millionar kroner. Kundane nyttar anlegget til oppvarming ved hjelp av varmepumper.

Hausten 2012 er i alt 46 varmepumper i drift. Frå desse vert det levert om lag 10,2 GWh varme per år til offentlege bygg, næringsbygg og bustader.

Ifølgje Bjørlo dekkjer Fjordvarme på ein klimanøytral måte mellom 80 og 90 prosent av oppvarmingsbehova til bygga.

Prosjektet bidreg til at fornybar varme og kulde frå naturen vert teken i bruk, til erstatning for mindre miljøvennleg oppvarming og kulde.

– Kan vere med å løyse problemet

Ingvild Kilen Rørholdt som er kommunerådgjevar i Zero seier Eid kommune skal ha skryt for det dei har fått til med Fjordvarme-prosjektet.

– Dei har gjort ein god innsats med å bruke fornybare løysingar til å varme opp både hus og næringsbygg.

– Dette viser at ein liten kommune har store moglegheiter til å gjere ein skilnad og vere med på å løyse klimaproblemet, seier Kilen Rørholt til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Prinsippskisse for eit fjordvarme-anlegg

SLIK SKJER DET: Fjordvarme-teknologien går kort fortalt ut på å nytte seg av sjøvatnet i fjorden til oppvarming og kjøling. Skissa syner korleis ein hentar energien inn til anlegget gjennom såkalla vekslarhus som ligg nær sjøen.

Foto: Fjordvarme AS

– Ein stor suksess

Eid-ordføraren seier det ikkje berre er miljøet som nyt godt av Fjordvarme-prosjektet. I tillegg til dei miljømessige gevinstane sparer kommunen også 1 million kroner i driftsutgifter for dei kommunale bygga der dei nyttar seg av teknologien.

– Fjordvarmeutbygginga har vore ein stor suksess både miljømessig og økonomisk, og viser at det er mogleg å gå i front nasjonalt på miljøområdet også i ein distriktskommune som Eid, seier Bjørlo.

Han fortel vidare at det også er planer om omfattande vidare utbygging av anlegget i åra som kjem. Det er etablert eit eige selskap for å kommersialisere og utvikle fjordvarmeteknologien, Fjordvarme AS, som allereie er involvert i å realisere fjordvarmesatsingar i Førde og Ulsteinvik.

– Fjordvarme er også del av eit samla kompetansemiljø på energi i Eid og Nordfjord som er unikt i landet, seier Bjørlo.

– Eit eksempel for andre

I tillegg til Fjordvarme har Eid store elektro- og automasjonsbedrifter som Normatic, Eid Elektro og YIT, og Eid vidaregåande skule er det fremste utdanningsmiljøet i fylket innanfor elektro og automasjon.

Det er i Eid/Vågsøy no også under planlegging det største og mest miljøvennlege datasenteret i landet, Lefdal Gruve, med kjøleteknologi bygd på fjordvarme. I tillegg er det ei rekke energi- og miljøbedrifter i Nordfjord elles.

Fjordvarmeprosjektet kan vere eit eksempel for andre på korleis ein ved samarbeid mellom kommune og lokalsamfunn kan få gjennomført utbygging av miljøvennleg energi, og også bidra til forretningsutvikling av ny miljøteknologi, seier Bjørlo

– Føregangskommune

Arild Hjelmeland, som er styreleiar i Fjordvarme AS, gler seg også over nominasjonen.

– Eid kommune har her vore ein føregangskommune og eit godt eksempel for andre kommunar og tettstader som kan gjere det same, seier Hjelmeland.

Han meiner kommunen med satsinga har teke eit samfunnsansvar og lagt til rette for næringsutvikling og ikkje minst lokal verdiskaping.

– I tillegg vil dei som vil etablere seg få miljøvenleg fornybar energi til lågast mogleg kostnad, seier styreleiaren.

Styreleiar Arild Hjelmeland (t.v.) og dagleg leiar Magne Hjelle i Fjordvarme AS.

STOLTE: Styreleiar Arild Hjelmeland (t.v.) og dagleg leiar Magne Hjelle i Fjordvarme AS gler seg over at Eid kommune med satsinga på nettopp fjordvarme no er nominert til klimaprisen.

Foto: Fjordvarme AS