Fylkesleiar i Frp, og gruppeleiar i Eid Frp, Lars-Svein Drabløs, er svært nøgd med framlegget frå partifelle og finansminister Siv Jensen.
– Det som står att er at dette må igjennom i Stortinget, så eg håpar at KrF og Venstre følgjer opp og gjer det til ein realitet, seier han.
– Sterkt fagleg miljø
Norge har i dag eit nasjonalt skatterekneskap og IT-system som nyttast av alle skatteoppkrevjarane. Innsatsen for å avdekkje arbeidslivskriminalitet og skattesvik føregår i dag i kvar einskild kommune.
No vil finansministeren koordinere og samordne innsatsen mot økonomisk kriminalitet. Det skal bli færre kommunale kemnerar, men sterkare fagleg miljø og koordinering.
For Eid betyr det 15 nye arbeidsplassar.
– Eg er glad for at vi innan skattekontoret får eit sterkt fagleg miljø. Statlege arbeidsplassar vil vere med å byggje eidasamfunnet vidare, seier Drabløs.
Blir henta inn
Framstegspartiet har gått til val på å avbyråkratisere og redusere administrativ forvaltning. Det betyr at dei 15 nye arbeidsplassane Eid får, kjem frå andre kommunar. Men kvar er førebels uvisst.
– Det er nye arbeidsplassar som må hentast inn, seier Drabløs og tykkjer etableringa i Eid vil vere eit godt bidrag til å nytte skattebetalarane sine pengar meir effektivt.
Dei nye årsverka nyttast til auka arbeidsgjevarkontroll, noko regjeringa ser på som heilt naudsynt for å avdekkje bruk av svart arbeidskraft og tilhøyrande kriminalitet.
– Eit godt eksempel
Lokallagsleiar for Høgre i Eid, Eli Førde Årskog, seier at dette viser at det er mogleg å effektivisere og byggje sterke fagmiljø utan at funksjonane vert sentraliserte ut av fylket.
– Dette er eit godt eksempel på korleis vi byggjer lokale fagmiljø med regionalt ansvar, samstundes som vi sparar pengar på å utføre tenestene meir effektivt. Dette er eit kjempeviktig løft for Eid kommune, seier ho.