Hopp til innhold

Effektive Hødd stogga Sogndal

Sogndal skapte fleire store sjansar, men makta ikkje å få teljande mål. Det gjorde derimot Hødd. – Det er frykteleg surt, seier Rune Bolseth.

Rune Bolseth

SKUFFA: Rune Bolseth og Sogndal måtte sjå seg slått av eit effektivt Hødd-lag på Høddvoll i kveld.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For avgjerda fall ti minuttar før full tid, då Steffen Moltu stussa inn kveldens einaste mål på Høddvoll.

Hødd, som med sigeren klatra til fjerdeplass på tabellen, har mest grunn til å vere nøgde med resultatet.

– Med 8–2 i sjansar til oss, så er dette ein kamp vi bør få noko ut av. Men du må score for å vinne kampar, og på ein normal dag hadde vi leia med eitt par mål før dei fekk sitt. Men vi var ikkje gode noko på det i dag, resignerer Rune Bolseth.

– Kan takke oss sjølve

Bolseth fekk tillit frå start i Victor Grodås sitt skadefråvær. Frå midtbaneposisjonen såg han laget sitt vere det beste gjennom kampen, men ute av stand til å forvalte dei mange store sjansane. Vertane skapte på si side færre sjansar, men var langt meir effektive.

Laster innhold, vennligst vent..

Då serieleiaren endeleg fekk nettkjenning midtveges i andre omgang, vart scoringa annullert for offside. Trenar Eirik Bakke seier det var ein skuffa gjeng som sat i bortegarderoben på Høddvoll i kveld.

– Eg føler vi er mykje sterkare enn Hødd, som ikkje har sitt eige spel men ligg nedpå og vil kontre heile tida, seier han og legg til:

– Men vi kan takke oss sjølve med dei sjansane vi har i dag.

Uavgjort for Brann

Eirik Bakke

OPTIMIST: Trenar Eirik Bakke trur ikkje at Sogndal vil kollapse mot slutten av sesongen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Spesielt Mahatma Otoo fekk fleire sjansar, men heller ikkje åleine med Hødd-keeperen vart det mål.

– Det var den dagen. Det er utruleg surt slik kampen vart, men eg tykte vi gjorde ein god prestasjon i ein tøff bortekamp, legg Bolseth til og ikkje vil tenkje på korleis tabellen ser ut ved sesongslutt.

Sogndal fekk likevel noko hjelp frå Trondheim der Ranheim spelte 0–0 mot Brann. Avstanden ned til Kristiansund og Brann er no seks poeng.

– Vi tenkjer Strømmen neste helg. Vi må berre jobbe med spelet vårt, seier Bolseth.

Bakke er på si side optimist med tanke på dei seks siste kampane av sesongen.

– Hadde vi kome her og spelt ein dårleg, så hadde eg vore uroa. No tapte vi årets tredje kamp, og tape kan ein også gjere neste helg. Men det handlar om å greie og snu trenden og komme på vinnarsporet att. Eg er optimist, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..