Hopp til innhold

Dyrevernarar slaktar Mattilsynet

– Mattilsynet er meir opptatt av bøndene enn av husdyr som lir, seier Randi Aarethun, leiar av Indre Sogn Dyrevernlag.

Gardbrukaren let dyra stå på denne måten

SKITNE: Gardbrukaren prioriterte ikkje reinhald i fjøsen.

Foto: Mattilsynet

Randi Aarethun

SVIKT: Dyrevernlag meiner mattilsynet sviktar i arbeidet med å sikre dyrevelferd.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Ho viser til sakene i Nordfjord, der 70 dyr tidlegare i år måtte tvangsslaktast grunna vanstell.

– Når dyr må tvangsslaktast og heile drifta må avviklast, har det gått altfor langt. Slikt skal ikkje skje, seier Aarethun.

Fleire år med pålegg om forbetring av dyrevelferda vart ikkje følgd opp av dei to gardbrukarane frå Nordfjord. Dette førte til at Mattilsynet til slutt fatta vedtak om tvangsavvikling. Den eine saka er meld til politiet, men er så langt ikkje ferdig etterforska.

Avmagra dyr

På det eine gardsbruket måtte 20 storfe tvangsslaktast etter at dei i lengre tid hadde vassa i møkk og skit. Også drikkevatnet var fullt av møkk. På det andre gardsbruket måtte i alt 50 sauer og storfe avlivast, etter at fleire av dyra var sjukleg avmagra.

– Det var omfattande svikt i dyrestellet, fortel Are Natland Bøe, leiar for Mattilsynet i Nordfjord som skildrar det heile som svært alvorleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sauene måtte slaktast fordi dei var utmagra.

SVOLT: Sauene på eit av gardsbruka i Nordfjord var sterkt avmagra og måtte slaktast.

Foto: Mattilsynet

Må gripe inn tidlegare

Aarethun meiner sakene frå Nordfjord på ingen måte er eineståande, og at Mattilsynet må gripe inn på eit langt tidlegare stadium.

Assisterende tilsynsdirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland

DYR: Mattilsynet tek dyrevelferd på høgste alvor, seier assisterande tilsynsdirektør Ole Fjetland.

Foto: Mattilsynet

– Kva med dei umelde inspeksjonane som Mattilsynet har plikt til å gjennomføre? Eg kjenner bønder som ikkje har hatt inspeksjon på veldig mange år. Då er det noko som sviktar, seier ho.

Avviser kritikken

Assisterande tilsynsdirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland, avviser kritikken frå Aarethun.

Per Hilleren

OMSORG: Vi kan unngå dyretragediar ved å bry oss meir om kvarandre, seier Per Hilleren, fylkesleiar i Bondelaget.

Foto: Merete Støfring, Sogn og Fjordane bondelag

– Vi er ikkje samde i dette. I desse sakene har vi bestemt at dyrehalda må avviklast. Eg forstår at folk utanfrå er utolmodige, men vi må følgje lovverket. Då tek det alltid ein del tid, seier han.

Han seier dei gjer det som skal til for at dyr skal ha det bra, og at det nokon gonger går så langt at ein må avvikle heile dyrehaldet.

– Men vi følgjer tett opp heile vegen, seier han.

Vil ha eige dyrepoliti

Aarethun meiner eit eige dyrepoliti må til.

– I Mattilsynet er alt samla i ein stor graut med både levande dyr, daude dyr, restaurantar og mat. Det fungerer ikkje i det heile. Dei levande dyra blir dessverre nedprioriterte, seier ho.

Urovekkjande

Leiar for dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Bettina Astor, er glad for at Mattilsynet til slutt tok affære i dei to sakene i Nordfjord. Samtidig meiner ho det er urovekkjande at det tok så lang tid før noko vart gjort.

– Tvangsavvikling av heile buskapar tydar på særs alvorlege tilhøve. Dette er djupt tragisk for alle partar. Dyra har truleg levd under kritikkverdige forhold med påfølgande grove lidingar over tid. For dei aktuelle bøndene er nok dette deira livs tyngste nederlag. Begge partar burde ha fått hjelp langt tidlegare. Dermed kunne det tragiske utfallet vore unngått, seier Astor.

Krev fleire inspeksjonar

Ho meiner det er på høg tid at styresmaktene får på plass ei radikal forbetring av dyra sin rettstryggleik, både innan næring og privat dyrehald.

– Tilfella i Nordfjord er dessverre ikkje eineståande, truleg står mange dyr i Sogn og Fjordane i tilsvarande situasjon. Langt fleire umelde inspeksjonar må til, seier ho.

Bondelaget støttar Mattilsynet

Per Hilleren, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, støttar ikkje den harde kritikken mot Mattilsynet.

– Eg har tillit til at Mattilsynet gjer jobben dei er sett til. Dei har kunnskapen og ressursane som skal til, seier han.

Hilleren oppmodar folk til å bry seg meir om kvarandre.

– Det å bry seg meir om kvarandre, og gjerne besøkje naboen når han er i fjøsen, kan vere med å forhindre at det skjer dyretragediar, seier han.