Hopp til innhold

70 dyr tvangsslakta etter vanskjøtsel

Mattilsynet måtte avvikle gardsdrift og slakte 70 dyr etter vanskjøtsel. – Bøndene må bli flinkare til å be om hjelp, oppmodar Småbrukarlaget.

Sauene måtte slaktast fordi dei var utmagra.

TVANGSAVVIKLA GARDSBRUK: I Nordfjord vart to gardsbruk tvangsavvikla etter at gardbrukarane ikkje stelte dyra skikkeleg. På gardane fann dei daude dyr og dyr som vassa i eigen skit.

Foto: Mattilsynet

Det var ikkje tilstrekkeleg fôring og dyra hadde ikkje skikkeleg tilgang på vatn.

Are Natland Bøe

– Det er svært alvorleg. Vi hadde ikkje noko anna val enn å gjere som vi gjorde, seier Are Natland Bøe som er distriktssjef i Mattilsynet.

Dei to gardbrukarane frå Nordfjord har over fleire år fått mange pålegg om å betre dyrevelferda.

Men pålegga har ikkje vorte følgde, noko som gjorde at Mattilsynet til slutt fatta vedtak om tvangsavvikling.

– Det var ikkje så vanskeleg å fatte vedtaket om å legge ned drifta.

Gardbrukaren let dyra stå på denne måten.

SKITNE: Gardbrukaren prioriterte ikkje reinhald i fjøsen.

Foto: Mattilsynet

Sjukleg avmagra dyr

Enkelte av storfea vart funne daude i området rundt garden.

Are Natland Bøe

På det eine gardsbruket måtte i alt 50 sauer og storfe slaktast, etter det vart oppdaga at mange av dyra var sjukleg avmagra. Fleire av dyra hadde problem med å stå på føtene. Det var omfattande svikt i dyrestellet, fortel Natland Bøe.

– Vedkommande hadde ikkje skikkelege forhold verken ute eller inne. Det var ikkje tilstrekkeleg fôring og dyra hadde ikkje skikkeleg tilgang på vatn.

– Det var både døde storfe og sauer. Trass oppmoding frå naboar, vart det ikkje leita etter dyr i utmarka og dei vart til slutt funne daude. Enkelte av storfea vart funne daude i området rundt garden.

Magnar Juklestad

SMÅBRUKARLAGET: Bøndene må bli flinkare til å be om hjelp tidlegare, meiner fylkesleiar i Småbrukarlaget, Magnar Juklestad.

Foto: Bård Siem / NRK

På det andre gardsbruket måtte 20 storfe slaktast etter at dei i lengre tid hadde vassa i møkk og skit med eit drikkevatn som også vart fullt av møkk.

– Vi var komme til eit punkt der vi ikkje kunne gjere noko anna enn å vedta avvikling, seier Natland Bøe.

– Må tore å be om hjelp

– Det som er så gale, er at det er høg terskel til å få hjelp dersom ein har problem med å stelle dyra.

Magnar Juklestad

Leiar i Småbrukarlaget i Sogn og Fjordane, Magnar Juklestad, oppmodar dei som ikkje greier å stelle dyra sine skikkeleg om å be om hjelp så fort som råd.

– Det som er så gale, er at det er høg terskel til å få hjelp dersom ein har problem med å stelle dyra, seier Juklestad.

Natland Bø seier den eine gardsbruken som hadde dei avmagra dyra er meldt til politiet.

– Dette var komme til eit slikt nivå at vi følte at vi måtte melde det for å vise kor alvorleg vi ser på saka.

Gardbrukarane hadde ikkje klipt klauvene på dyra.

FOR LANGE KLAUVER: Gardbrukaren hadde ikkje klipt klauvene på dyra.

Foto: Mattilsynet