Hopp til innhold

Dyregrov krev meir forsking på langvarig sorg

Psykolog Atle Dyregrov, som har to tiår bak seg som leiar for Senter for Krisepsykologi, meiner vi ikkje har gjort ein god nok jobb med langtidssorg her i landet.

KIRKE BEGRAVELSE ANNE SLÅTTEN

SORG: 5. juni 2004 blir Anne Slåtten ført til den siste kvilestaden. Folk går vidare, men for Marta Bjelland Slåtten og Gudmund Slåtten er sorga livsvarig. Du føler deg åleine når folk sluttar å snakke om det, seier Marta Slåtten.

Foto: Erlend Aas / NTB Scanpix

Og det er akkurat det Marta Bjelland Slåtten og Gudmund Slåtten har opplevd. Sorg i lang tid.

6. juni i år var det ti år sidan sjukepleiestudenten Anne Slåtten blei overfallen og drepen då ho var på veg til jobb i Førde. For foreldra heime på Randøy i Ryfylke har det vore ti år med ei endelaus sorg.

Mange snakka om det i byrjinga. Men så vart det stille.

– For andre folk går det over. Dei slutta å snakke om det. Etter ei stund føler du deg veldig åleine, seier Marta Slåtten.

– Sorgfeltet er eit steborn

– Vi må ha eit mykje meir langsiktig fokus enn vi har hatt, og det har vi ikkje i Noreg i dag. Nokre slit spesielt fordi omgjevnadane gløymer veldig fort. seier psykolog Atle Dyregrov.

Atle Dyregrov

STEBORN: Ekspert Atle Dyregrov meiner vi ikkje er gode nok på langtidssorg.

Foto: arkiv / NTB scanpix

Han er ein av Norges fremste ekspertar på korleis menneske opplever kriser og katastrofar. Han har skrive mange lærebøker, som er omsette til mange språk. Dyregrov meiner det burde vore forska langt meir på korleis langvarig sorg påverkar oss menneske.

– Vi har i stor grad og med rette løyvd mykje midlar til traumefeltet, men sorgfeltet er eit steborn. Vi kunne gjort så mykje meir, seier Dyregrov.

Ein samtale i året med folk som har kunnskap om sorg kunne ha hjelpt, meiner psykologen. Denne samtalen meiner han burde gjennomførast også mange år etter hendinga. For sorga kan verte svært einsam når folk rundt går vidare.

– Det kan gjere at familien får lov til å snakke om det viktigaste som har skjedd i livet deira, men også det vanskelegaste, seier han.

– Opplever alt på nytt

Marta Bjelland Slåtten (61) og ektemannen Gudmund Slåtten (67)

PÅ NYTT: Marta Bjelland Slåtten og Gudmund Slåtten ti år etter. Bjelland Slåtten ser på det siste biletet av dottera.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Anne er med dei heile vegen. Familieselskap kan vere tøffe.

– Den 6 juni er ein tung dag. Då er det Anne eg tenkjer på. Den vil alltid kome, den dagen kjem kvart år, seier Marta Slåtten.

– Kva tenkjer du når du les i media eller ser på fjernsyn at noko tilsvarande har skjedd?

– Då opplever eg alt på nytt, og tenkjer på dei som har vore råka.