Hopp til innhold

Du treng ikkje reise langt for å sjå kyrkja frå filmen Frost

Likar du og ungane dine Disney-filmen Frost? Då kan det vere greitt å vite at du ikkje treng å reise langt for å sjå kyrkja som inspirerte filmskaparane.

Den engelske kyrkja, eller St.Olafs kyrkja i Balestrand

INSPIRASJON: Kyrkjerommet i den engelske kyrkja i Balestrand er så å seie identisk med den ein finn i Disneyfilmen Frost.

Foto: Blue Elf / Wikicommons

Millionar av born verda over har late seg fascinere over Frost, eller Frozen som filmen heiter på engelsk. At Disney brukte norske landskap som grunnlag for animasjonane er kjend, men at kyrkja som er med i filmen ligg i Balestrand, er nytt for mange.

Den vesle, engelske kyrkja St. Olafs church, ligg mellom Kviknes hotell og Midtnes hotell, og har vore eit ynda turistmål i mange år.

– Det er kjekt når det er ungar med, og vi seier at dei må kikke innom kyrkja. Så kjem dei att med store kulerunde auge og selfiar og seier at det er heilt likt, seier Kari Kvikne, bookingansvarleg på Kviknes Hotel i Balestrand.

Ho har mange, spesielt barnefamiliar innom, som let seg begeistre over å sjå at St. Olafs kyrkja, eller den engelske kyrkja i Balestrand, nærast er identisk kyrkja i filmen Frost.

Inne i Arendelle chapel i filmen Frost

INSPIRASJON: Kyrkjerommet i den engelske kyrkja i Balestrand er så å seie identisk med den ein finn i Disneyfilmen Frost.

Foto: Skjerdump frå Disneyfilmen Frozen

Slåande likskap

I filmuniverset dei har skapt kryr det av stavkyrkjer, fjordhestar, fjell og fjordar. Når ein så dukkar djupare ned i innhaldet, så kjem det også klart og tydeleg fram at filmskaparane har latt seg begeistre av heilt konkrete bygg og bygder.

Filmen, som er den mest innbringande animasjonsfilmen som nokon sinne er laga, finn stad i den norskinspirerte byen Arendelle. Hovudpersonane i filmen er prinsessene Elsa og Anna, og handlar om den magiske reisa sistnemnde legg ut på for å redde Elsa frå den evige vinter. I filmen blir den vakre Elsa krona til dronning i ei kyrkje, og for dei som har vore inne i den engelske kyrkja i Balestrand, så er det ikkje tvil om likskapen.

– For oss som kjenner kyrkja, så er det veldig tydeleg at det er henta derifrå. Vi som kjenner dragestilshusa her i området, ser også at detaljar derifrå er brukt på hus og draktene som personane i filmen har på seg. Det er litt artig, seier Kvikne.

Artig for både små og store

Animasjonsfilmen har slått godt an hjå dei yngste, men Kvikne fortel at også vaksne ser ut til å ha stor interesse for filmen og måten den er laga på.

– Ungane syns det er kjekt at det er så likt. Dei vaksne syns det er meir interessant å sjå at Disney faktisk reiser rundt og let seg inspirere og ikkje berre hentar idear frå bilete, men gjer det autentisk på sin eigen måte.