Hopp til innhold

Første politipatrulje var framme klokka 18.35 - åtte minutt før brannvesenet pågreip mannen

Den første politipatruljen kom til Holsbru klokka 18.35, og stoppa opp 150 meter bak Valdresekspressen for å innhente opplysningar frå vitne. I mellomtida pågreip brannmannskap gjerningsmannen.

Kripos på åstaden ved Holsbruvatnet

SER HEILSKAPEN: DSB har evaluert hendinga på Valdresekspressen 4. november 2013 der tre personar vart drepne.

Foto: Christian Blom

I mellomtida vart gjerningsmannen teken under kontroll av brann- og helsepersonell klokka 18.43. Patruljen frå Årdal, med lensmann Magne Knudsen, kom til staden klokka 18.48 og pågreip gjerningsmannen. Lærdalspatruljen kom heilt fram til skadestaden like etter, heiter det i rapporten.

DSB konstaterer at dette faktisk skjedde, og oppfordrar at politimyndigheitene sjølve vurderer taktisk handtering og gjeldande prosedyrar ved framtidige liknande hendingar.

– Tala DSB syner til, er omtrentlege. Fordi naudnettet var nede, har vi ikkje ein like presis logg som vi elles ville hatt, seier politimeister Ronny Iden til NRK.no.

Vidare påpeikar DSB at dialog og informasjonsdeling med andre etatar gjennom heile hendingsgangen kunne sikra kontinuerleg informasjonsdeling, og betre koordinering av samla innsats.

DSB har på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet evaluert myndigheitenes handtering av den tragiske hendinga på Valdresekspressen 4. november 2013, der tre personar vart knivdrepne av ein asylsøkjar.

Kan skuldast dårlege kommunikasjonslinjer

Direktoratet påpeikar at det er gjennomgåande i kjeldematerialet at det var dårlege kommunikasjonslinjer og delvis fråvær av dekning på staden.

Fråvær av rettleiing og planlegging av handtering med patruljer undervegs og anna innsatspersonell på staden, kan skuldast dårlege kommunikasjonslinjer.

Der ein kjenner til at kommunikasjonsforhold kan falle ned og få redusert funksjon, og at dette kan få alvorlege konsekvensar, bør ein kunne forvente at desse problematiske tilhøva vert forsøkt utbetra.

Ifølgje politiets evalueringsrapport, var det ikkje kontakt mellom operasjonssentralen i Florø og basestasjon på Øvre Årdal. Dette skuldast omlegging til ny styring av analoge linjer som endå ikkje fungerte.

Dette har vore feilmeldt til Politiets data og materiellteneste, PDMT, fleire gonger sidan feilen oppstod i juni 2013, utan at dette har vore utbetra.

DSB kommenterer at ulike forhold som har var årsak til desse problema, var kjende, men ikkje utbetra. Dette bør greiast ut nærare.

Skuldast fleire forhold

I rapporten kjem det fram at det som skjedde på Valdresekspressen var eit resultat av mange einskildforhold. Rapporten framhevar at det ikkje var noko einskildforhold, korkje feil i system eller menneskelege feil i tida før hendinga, som kunne forklare det som skjedde.

DSB peikar på at evalueringa gir tilrådingar tiltak og forbetringsområde. Men likevel kan ein på ingen måte konstatere at desse forbetringane ville hindra drapa på Valdresekspressen.

God informasjonsflyt sikrar god handtering

DSB skriv vidare at hendinga på Valdresekspressen syner kor viktig informasjonsdeling er for å sikre god handtering, og for å leggje til rette for samvirke mellom naudetatane.

I løpet av hendinga vart det ved fleire høve ikkje delt informasjon. Det kan sjå ut som om dette ikkje hadde noko betydning for sjølve utfallet av hendinga, men det hadde betydning for den samla handteringa.

DSB meiner det er viktig å synleggjere betydninga av, og leggje til rette for, system som sikrar kontinuerleg informasjonsdeling og uhindra dialog mellom naudetatane.

Evalueringa peikar på at det ikkje vart utført trippelvarsling og kontinuerleg informasjonsdeling på ein tilfredsstillande måte.

Ikkje det beste utgangspunktet

Evalueringa syner også at leiing og handtering av hendinga skjedde utan ein kommunisert plan. Dette utgjorde ikkje det beste utgangspunktet for optimalt samvirke mellom naudetatane.

DSB meiner dette er viktige erfaringar som bør brukast til å skape forbetring og endring på dei aktuelle områda.

Både Årdal og Fylkesmannen får ros for si handtering av hendinga. Departementet vil no følgje opp evalueringa og vurdere nærmare læringspunkta og tilrådingane.