Skoledebatt - INGEN SKULEDEBATT I ÅR: Her frå ein debatt på ein skule før eit tidlegare val. - Foto: Anne Storaunet / NRK

INGEN SKULEDEBATT I ÅR: Her frå ein debatt på ein skule før eit tidlegare val.

Foto: Anne Storaunet / NRK

Droppar skuledebattane i år

Det blir ingen skuledebattar føre valet til hausten. Det har ungdomspartia bestemt i dag.

Alle partia har i dag hatt ei møte der dei i fellesskap har kome fram til korleis dei ønskjer å leggje opp valkampen 2011.

– Rådet frå partisekretærane om å ikkje halde skuledebattar i år, er teke i samråd med ungdomspartia som alle støttar dette. Det vil dermed ikkje bli halde skuledebattar i år, står dert ei pressemelding frå leiarane i ungdomspartia.

Avgjerda er teken i samband med at 68 personar blei drepne på AUF sin ungdomsleir på Utøya og åtte i bombeangrepet i regjeringskvartalet i Oslo.

Etter terroraksjonane har partia på Stortinget bestemt seg for ikkje å drive valkamp i sørgjeperioden. Måndag blei det bestemt at valkampen blir utsett til midten av august.

Men sjølv om det ikkje blir skuledebattar, ønskjer ungdomspartia å halde skuleval.

– Vi vil sørgje for at partia frå presentert bodskapa sine, slik at elevane får moglegheit til å gjere seg kjende med politikken til dei ulike partia.

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.