Hopp til innhold

Her må dei spare på straumen - no kan det bli slutt på svelene

Når verdas første batteridrivne ferje blir sett i trafikk på Lavik – Oppedal, blir det utan tradisjonell kiosk om bord.

Droppar kiosken på batteriferja

SLUTT FOR SVELA?: Den nye batteriferja som snart er på plass på Lavik – Oppedal, har ikkje straum nok til kafedrift. Difor blir det kanskje ikkje nylaga sveler å få kjøpt når denne ferja er på plass.

Foto: Fjellstrand/Vidar Gudvangen, NRK

Bjørn Våge

TRUR MANGE BLIR MISNØGDE: Matros Bjørn Våge trur mange reisande vil sakne kafeen når den nye ferja er i drift.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ferja må spare straum, dermed blir det berre automatar med mat og drikke for dei som reiser gjennom Sogn og Fjordane langs E39. Både reisande og tilsette kan måtte klare seg utan dei tradisjonsrike svelene på eit av landet mest trafikkerte ferjesamband.

Er stolt av svelene

MF Svanøy legg nok ein gong frå kai i Lavik. Inne i kafeen ventar pølser, middag og sjølvsagt nysmurte sveler. Det er viktig, meiner matros Bjørn Våge i det han dirigerer siste bil på plass på styrbord side.

– Det er ein del av ferjehistoria og noko av det vi er stolt av i Fjord1. Det er mange som spør etter sveler, spesielt om sommaren når det er mange turistar, seier Våge.

Må spare straum over fjorden

Frå nyttår den tradisjonelle ferjekiosken historie på ein av tre ferjeavgangar her på Sognefjorden. Norled tek over anbodet på E39-sambandet Lavik – Oppedal, og set inn det som blir verdas første elektrisk drivne ferje i sitt slag.

Men det batteridrivne fartøyet som er under bygging i Hardanger, må spare straum på si ferd over fjorden. Dermed torer ein ikkje installere fullverdig kjøkken om bord, fortel prosjektleiar Sigvald Breivik i Norled.

– For denne batteriferja som er pilot og nytt prosjekt, har vi valt å ta vekk kiosken for å spare mest mogleg energi. Alle systema om bord er basert på lågenergi og då tør vi ikkje å innreie båten med fullverdig kiosk. Vi set inn automatar med moglegheit for å kjøpe drikke og mat, seier Breivik.

Trur det blir eit sakn

 Kari Saue og Inger Taraldsen

SEL SVELER: Kari Saue og Inger Taraldsen styrer kafeen om bord på MF Svanøy.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Hans Arne Berland

HANDLAR IKKJE: Trailersjåfør Hans Arne Berland tykkjer ferjematen er for dyr.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Inne på Svanøy peikar eit karakteristisk blått skilt med ei kaffikopp veg opp den bratte trappa. Matlukta aukar for kvart trinn. Kari Saue og Inger Taraldsen styrer kafeen om bord.

– Det er sveler, pølser og lapskaus vi sel mest av, seier Saue.

Kafedamene trur mange kjem til å sakne ferskmat på tur over Sognefjorden.

– Eg trur det blir eit sakn, det må det bli når dei ikkje før kjøpt sveler og nykokt kaffi. Spesielt trailersjåførar vil ha middag. Eg trur dei vil velje den ferja som har kiosk, seier ho.

Men ikkje alle tek det like tungt at kiosken forsvinn frå batteriferja. Trailersjåfør Hans Arne Berland er ikkje ein hyppig gjest.

– Maten på ferja er så dyr at lastebilsjåførar ikkje kjøper mat på ferjene. Det er berre i naudstilfelle, seier han.

– Dei bør setje inn eit ekstra batteri

Torbjørn Frivik

ET I PAUSEN: Torbjørn Frivik likar at det er eit tilbod om varmmat om bord på ferjene.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ved eit vindauge på styrbord side sit Torbjørn Frivik på veg sørover. Framfor han ligg ein tom papptallerken. Han meiner kiosken er viktig på ferja.

– Det er greitt å ha dette tilbodet. Eg får ein pause på ferja og den nyttar eg til å ta meg litt mat.

– Norled kjem med elektrisk ferje utan kiosk. Kva tenkjer du om det?

– Då får dei setje inn eit ekstra batteri slik at dei får kjøkken om bord. Eg tykkjer det er viktg med kafe, seier han.

Skal prøve å finne ei løysing

Men Norled vil freiste å finne ei løysing, sjølv om det ikkje blir fullverdig kiosk på den nye batteridrivne ferja, forsikrar reiarlaget.

– Det er klart at det å drive miljøprosjekt går utover noko. Men det eit mål at det ikkje skal gå utover dei reisande. No gjer vi alt vi kan for å få i gang sveleproduksjon og sal om bord, seier prosjektleiar Sigvald Breivik i Norled.

– Kan du love det?

– Eg kan ikkje love det, men vi gjer så godt vi kan, seier han.

Dei to andre ferjene som skal trafikkere Lavik – Oppedal får vanleg kafedrift. Men matros Bjørn Våge trur det vil vere viktig for Norled å finne ei løysing også på batteriferja.

– Elles trur eg det blir mange misnøgde kundar som etterspør tilbodet, seier han.