Hopp til innhold

Droppa ut av skulen – no har ho teke fagbrev

Leni Enstad Johannessen frå Askvoll droppa ut av skulen fordi ho ikkje takla all teorien. Etter mykje motgang, vart fagbrev i barne- og ungdomsarbeid vegen inn i arbeidslivet.

Leni Enstad Johannessen

FEKK SEG JOBB: Leni Enstad Johannessen frå Askvoll har fast jobb i åtti prosent stilling og trivst godt med den nye kvardagen.

Foto: Stein Aase / NRK

På kjøkenet ved Gjelsvik barnehage i Askvoll førebur Leni Enstad Johannessen frukosten. Her har ho fast jobb i åtti prosent stilling og trivst godt med den nye kvardagen.

– Det er kjekt å jobbe i lag med ungar og kjekke kollegaer, seier ho.

Sleit med for mykje teori

Ho starta utdanninga på helse- og sosialfag på Øyrane vidaregåande skule i Førde. Der heldt ho fram i to år, før ho flytta utdanninga til Dale, men med redusert undervisning.

– Når eg tok vekk litt fag vart det lettare. Litt mindre å konsentrere seg om, seier ho.

Ho likte det praktiske arbeidet, men teorien var det verre med. Når ho likevel held fram, var det etter påtrykk frå lærarane.

– Dei ville ikkje at eg skulle slutte heilt, seier ho.

Sjølv om ho sleit med motivasjonen, greidde ho å halde det gåande ei stund.

– Eg scora bra på fråværet, det hadde eg lite av. Eg tenkte at ein ting kunne eg i alle fall klare. Men når eg når eg kom til Dale og byrja på helsefag, så var ikkje motivasjonen så bra lenger. Då kunne eg lettare vere heime og ikkje møte opp, seier ho.

Fagbrev vart løysinga

Ho droppa til slutt ut av skulen, men utan at 21-åringen hadde gitt opp tanken om få seg ei utdanning. Gjennom hjelp og rådgjeving i kommunen, NAV i Askvoll og arbeidsmarknadsbedrifta Mentor, fekk ho høve til å starte ei fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar.

– Etter at eg gjekk ut som lærekandidat var eg to år på Holmedal montessoriskule, det siste året var eg i Stongfjorden barnehage, seier Johannessen som fekk fagbrevet i april.

– Når skjønte du at barne- og ungdomsarbeid var tingen for deg?

– Eg skjønte det vel eigentleg når eg byrja på montessoriskulen. Eg har alltid likt å vere i lag med ungar, seier ho.

No føler ho at ho har kome på rett hylle i livet. Samstundes har ho igjen fått tilbake lysta til å sitje bak skulebenken.

– Eg har tenkt litt på det. Kanskje å gå vidare og bli barnehagelærar, seier ho.

Uroleg NAV-direktør

Tore Thorsnes

UTFORDRING: NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, er uroa over utviklinga.

Foto: Nav

Johannessen er eit eksempel på at det går an å lykkast, sjølv etter å ha droppa ut frå skulen. I hennar tilfelle handla det om å ikkje gje opp.

Dei siste ti året har talet unge med redusert arbeidsevne auka med 60 prosent og talet unge uføre med 38 prosent.

NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, er uroa over at ungdom som ikkje har fullført vidaregåande skule er kraftig overrepresentert i NAV sine statistikkar.

– Det er landstal vi snakkar om her, men situasjonen i Sogn og Fjordane er stort sett den same. Ein kvar ungdom som ikkje kjem seg gjennom vidaregåande skule, er ein utfordring for samfunnet vårt, seier han.

Han meiner det er eit stort paradoks at ein ikkje greier å hjelpe desse ungdomane, for faresignala viser seg tidleg. Dei brukarane dei slit med å få i jobb, er personar som har hatt utfordringar heile livet.

– Dette er noko som ikkje startar i den augneblinken du byrjar på vidaregåande skule, det er ei historie bak. Desse utfordringane startar eigentleg når du byrjar i barnehagen, seier Thorsnes.