Hopp til innhold

Droppa finalen, enda på 5. plass

Førde Volleyballklubba droppa sundag finalane i Vestcup i Stavanger. Laget enda dermed på ein femteplass.

Cupfinalen Førde-Nyborg

FØRDE VOLLEYBALLKLUBB: Førdespelarar i cupfinalen mot Nyborg

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er ein¨månad igjen til seriestart, og mange av dei store laga ser på Vestcup som ei treningsturnering. Eit godt høve til å få mange kampar på kort tid, og ei god oppkøyring til serien.

– Vi skulle nok ha klart tredjeplassen, men eg meiner tre kampar blir for mykje så tidleg i sesongen, seier trenar Marcin Tomasz Lubiejewski.

Etter å ha spelt to kampar laurdag, der dei vann 3-1 over Nyborg og tapte 3-0 mot Toppvolley. Og to kampar sundag der dei vann 3-0 over Rossvoll og tapte 3-0 for Randaberg meinte trenar Marcin Tomasz Lubiejewski at det var nok, og snudde nasen heimover før bronsefinalen.

– For meg betyr ikkje poenga så mykje denne gongen. Det viktigaste er sjølve spelet, om vi får til det vi har trent på.

Han seier det også er tidleg i sesongen og at dei ikkje skal vere gode enno.

– Vi har hatt fire veker med trening, og vi har eller ikkje alle spelarane våre med til denne turneringa. Vi enda på femteplass i denne turneringa fordi vi ikkje spelte siste kampen. Normalt skulle vi då ha klart ein tredjeplass, seier Lubiejewski.