Dronninga på fjelltur i Sogn

Fredag gjekk dronning Sonja fjelltur på Høyanger sørside. Målet for turen var Åkrenipa.

Kongeskipet og dronninga var fredag på veg til Nærøyfjorden der det laurdag skal vere ei markering av at området har fått verdsarvstatus.

På vegen stoppa altså kongeskipet i Høyanger. 

- Dei gledde seg seg til turen, og hadde høyrt at det var så flott der oppe, seier Hilde Svartemyr til firda.no.

Ho var blant dei som møtte følgjet då dei steig i land. Kongeskipet «Norge» låg ankra opp litt lenger ute på fjorden. Det var totalt sju personar i følgjet, og dei hadde ikkje med seg lokale kjentfolk.

Den kongelege privatturen gjekk frå Svartemyr opp på Åkrenipa og ned att over Osland, ifølgje avisa.

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.