Hopp til innhold

Dronning Sonja på besøk - sjå videoane og bileta her

Dronning Sonja vitjar no Red Cross United World College (RCNUWC). Torsdag kveld var elevar, tilsette og Dronninga samla i auditoriet for kulturell underhaldning.

Det var ein lett tone då Dronninga møtte og prata med studentane ved United World College i Fjaler.

Det vart svært god stemning då dronning Sonja og studentane møtte kvarandre i studentinternatet Iceland House. Foto og redigering: Steinar Lote. Sjå biletgalleri lenger nede.

Dronning Sonja har eit tettapakka program under besøket til Sogn og Fjordane.

Dronninga landa på Bringeland torsdag ettermiddag. Same kveld var det middag med studentar, tilsette og andre inviterte gjester. Etterpå møtte Dronninga mange studentar, før det var føredrag og orientering om United World College si verksemd.

Til slutt var alle samla i auditoriet på UWC for underhaldning.

  • SJÅ MANGE BILETE FRÅ DAGEN LENGER NEDE

Det er ein skule dronning Sonja kjenner godt. Dronninga opna skulen i 1995 og har vitja skulen fleire gonger tidlegare.

Spente elevar og tilsette

Dronning Sonja er skulen sin høge beskyttar og har kalla skulen sitt hjartebarn.

Elevane ved skulen var glade for å få møte dronninga. Emma Insinger frå Nederland møtte dronning Sonja personleg klokka 20.00 torsdag kveld.

– Dronninga skal få sjå rommet vårt på skulen. Vi skal prate om korleis det er å vere så mange nasjonalitetar samla her på skulen. Vi lærer mykje av kvarandre gjennom samtalane vi har om bakgrunnen vår og planane vi har for framtida, seier Insinger

Sara Løwgren frå Sverige laga fingermat til gjestane. NRK sin reporter på staden, Eldgrim Fossheim, gir maten dei beste skottsmål. Løwgren ser fram til å møte Dronninga.

– Ja, det gjer eg verkeleg. Ho er viktig for denne skulen, så dette er veldig bra.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Møtte dronninga for første gang - på flyet

Linda Kristin Oppedal hadde ingen aning om at ho skulle ende på same fly som dronning Sonja frå Oslo til Bringeland.

– Det var veldig spanande. Plutseleg høyrde eg folk snakka om at Dronninga skulle vere med.

Ingen tok kontakt for å prate med dronning Sonja, men alle var klar over at Dronninga var der.

– Det vart ei svært høgtideleg stemning på flyet. Eg tenkte «fantastisk, for ein dag.» Heilt utruleg at Dronninga plutseleg er på same fly.

Har møtt dronninga fleire gonger

Ordførar i Fjaler, Arve Helle, har møtt dronning Sonja fire gonger tidlegare. Men likevel er han spent.

– Ja, det er eg, for eg har stor respekt for den oppgåva. Litt sommarfuglar er det. Dette er viktig både for kommunen, men ikkje minst for skulen, seier Helle.

– Det er ei stor anerkjenning for skulen og dei verdiane skulen står for.

Du kan møte Dronninga

Undervisningsdirektør Osland seier dei står på hovudet for å gjere seg klare.

– Studentane har vore kjempeflinke. Dei skal ha ei stor kulturframsyning for Dronninga i kveld. Vi har eit stort program både i kveld og i morgon, seier han.

I morgon skal skulen opne eit nytt senter for besøkande. Dei er godt i gang med bygginga. Då skal dronning Sonja leggje ned grunnsteinen.

– Då oppfordrar vi alle til å kome for å treffe Dronninga og vere med på opninga klokka 12 i morgon, seier Osland.

Også rektoren ved UWC, Richard Lamont, gler seg til besøket.

– Eg er oppglødd, det er ei ære og eit privilegium å få Dronninga på besøk. Det er ein svært spesielle dag. Det er spesielt gledeleg for studentane våre.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video frå Dronninga sitt besøk til United World College i Fjaler i April 2014

Her kjem Dronninga til UWC og møter nokre av studentane. Foto og redigering: Steinar Lote.

Åmot opergard fredag

Etter opninga av senteret for besøkjande ved UWC reiser Dronninga til Gaular kommune. På Åmot operagard vert ho ønska velkomen av vertane ved garden, Steinar Sørli og Yngve Brakstad.

– Vi er jo veldig glade for at Gaular kommune har lagt sitt offisielle arrangement for besøket til operarden. Det vert veldig hyggeleg, seier Steinar Sørli.

På garden vert det også musikalsk underhaldning og dronning Sonja vil helse på representantar for lag og organisasjonar i Gaular kommune, mellom anna Gaular frivilligsentral og Fossesenteret.

Sjå heile programmet her.

Hauglandsenteret og UWC i Fjaler

FLOTT DAG: Like flott vêr som dette ventar Dronninga når ho besøker UWC og Hauglandsenteret i dag og i morgon.

Foto: Ottar Starheim