Hopp til innhold

Drog til Noreg for kjærleiken, blei verande for lidenskapen

VÅGSØY (NRK): Då spanske Carlos Quiles (29) drog på kjærleikseventyr til Nordfjord, gjekk det ikkje heilt slik som han hadde tenkt seg.

Carlos Quiles ved Kråkenes Fyr

MEKTIG NATUR: Carlos Quiles lagar reklamebilete og -video for Kråkenes Fyr.

– Eg drog til Noreg, sjølv om det er iskaldt her, seier Carlos Quiles. I dag er han ved Kråkenes fyr for å ta bilete og video som skal brukast til å trekka til seg turistar.

– Eg visste at det ikkje kom til å vera enkelt, fortel han.

Då den spanske globetrotteren kom til landet for tre år sidan, hadde han sandalar og kortbukser på.

Han hadde ingen jobb, ingen vener og ingen norskkunnskapar. Kvifor ynskte Quiles å starta eit nytt liv på denne ugjestmilde staden?

Eg har ein tanke om å leva livet som ein film

Carlos Quiles

– For tre år sidan møtte eg ei jente i Thailand som til dagleg jobba i Nordfjord. Me vart kjærastar og blei einige om at eg skulle flytta til Nordfjord med henne. Eg tok det som eit eventyr, som ei oppleving, forklarer Quiles.

– Eg har ein tanke om å leva livet som ein film, medgir spanjolen.

Men vågestykket skulle visa seg å bli krevjande. For jobbmarknaden i Nordfjord var like lite gjestfri som klimaet.

Carlos Quiles

DÅRLEG VÊR: Carlos Quiles har etter kvart blitt vand med det den vêrharde staden han flytta til for tre år sidan.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Sleit med å finna seg levebrød

– Eg begynte å gå frå bedrift til bedrift for å spørja etter jobb. Men eg fekk ingenting. Eg fekk berre «Nei, nei, nei».

Etter kvart klarte Quiles likevel å få seg jobb som bygningsarbeidar. Men han fekk fort sparken. Då bestemte han seg for å prøva å gjera det han verkeleg kan, nemleg å fotografera og å laga film.

– Eg har reist rundt i verda og delt det eg har sett gjennom fotografi, seier Quiles.

Då han begynte å promotera seg sjølv som filmskapar i Nordfjord, fekk han endeleg napp hjå ein stor kunde.

– Eg spurte dei om dei trong ein reklamefilm, og det ville dei. Det var det beste som hadde skjedd meg i Noreg. Det var eit lys i alt mørket. Dette verkar, tenkte eg.

Men gleda skulle ikkje vara lenge.

Det var det beste som har skjedd meg i Noreg

Carlos Quiles
Nordfjord

VAKRE NORDFJORD: Quiles seier at han ynskjer å fanga opp det vakre landskapet i Nordfjord.

Foto: Carlos Quiles

Frå kjærleik til lidenskap

I fjor vart det slutt mellom Quiles og kjærasten. Då var spørsmålet om han skulle bli verande i Noreg, for ho var jo delaktig i at han var der i utgangspunktet.

– Eg kom her på grunn av henne. Det ironiske er at eg blei verande og ho flytta bort, fortel Quiles.

Eg har reist rundt i verda og delt det eg har sett gjennom fotografi

Carlos Quiles

Trass i brotet med dama, kjende han seg ikkje ferdig med Noreg. Han bestemte seg for å bli verande. Quiles er nemleg fascinert over den mektige og utfordrande naturen i Sogn og Fjordane. Den gir han sjansen til å dyrka lidenskapen sin for foto og film.

– Det kan vera mange dagar med dårleg vêr. Men så har du ein augneblink der sola og skyene står i ein spesiell posisjon, og så tar du eit unikt bilete.

Nordfjord

FINT LANDSKAP: Carlos Quiles set stor pris på det fine landskapet i Sogn og Fjordane.

Foto: Carlos Quiles