Hopp til innhold

Drog i land laks på 22,5 kilo

Det tok ikkje meir enn fem minutt frå laksefisket starta natt til laurdag før denne sværingen beit seg fast på kroken til Per-Arnfinn Brekke.

Per-Arnfinn Brekke

ENORM: Per-Arnfinn Brekke har ingen tru på at han nokon gong vil få ein så stor laks på kroken igjen. Laksen på 22,5 kilo dekkjer no heile breidda av frysaren.

Foto: Knut Arild Løvdal Stauri

I helga opna dei fleste laksefiskeelvene, blant dei Stryneelva. Per-Arnfinn Brekke frå Oslo har fiska i denne elva jamleg i 25 år, men aldri har han opplevd noko liknande.

Fem minutt etter at elva opna for fiske beit ein laks på 22,5 kilo på kroken hans i fiskehølen Cowan på Lysvoll i Stryn, skriv Fjordingen.

– Det er utruleg stort. Eg får ikkje fleire slike fiskar i livet, det er sikkert. Eg går jamleg ned i frysen og opnar lokket og ser på den. Den dekkjer heile frysen, og er heilt massiv. Den er ekstremt velproporsjonert og flott laks. Eg har veldig lyst å ta ei avstøyping av den, seier Brekke til NRK.

Sjeldan kost

Per-Arnfinn Brekke fekk laks på 22,5 kilo

STORT: Den tidlegare rekorden til Brekke var ein laks på 14,9 kilo. Den rekorden slo han så til dei grader natt til laurdag.

Foto: Knut Arild Løvdal Stauri

– Eg er ingen troféfiskar, så eg fiskar ikkje for å få så store fiskar. Men eg har snart fiska laks i førti år, og då er det ganske stort å få noko på 22,5 kilo. Min førre rekord var på 14,9 kilo. Dette er jo betydeleg større, fortel Brekke.

Ifølgje han er det mykje bra fisk i Stryneelva, men det er sjeldan at ein får så stor fisk.

– Rekorden her frå gamle dagar er vel på rundt 29 kilo, trur eg. Ein skal vel tilbake 15–20 år før ein finn nokon som har fått like stor.

Festmåltid til over 60 personar

Det tok berre fem minutt å få fisken på kroken, men det tok tjue minutt å få den i land.

– Det var tungt. Eg skjønte at den var stor, men eg skjønte ikkje at den var rekordstor. Det var veldig tungt å prøve å få kontroll på den. Når den først bestemmer seg for å gå ut av hølen så har ein ikkje så mykje ein skulle sagt. Då er det berre å springe etter og prøve å få kontroll på den.

Med 15 kilo reint kjøtt og 200 gram per hovud kan det fort bli middag til 75 eller 60 personar med 250 gram per person.

– Eg rekna litt på det. Ingrid Espelid Hovik sa noko om at ein måtte ha 150 gram protein til kvar person til middag, kanskje litt fleire, flirer han.

God start på laksefisket

Laksefiske i Lærdalselvi

JUBLAR: Sebastian Letelier frå Chile jublar etter å ha slept laksen ut att i elva. Også det kan vere ei fin oppleving, meiner Rolf Bjørum.

Foto: Rolf Bjørum

Det er ikkje berre i Stryneelva at laksefiskesesongen no er i gang for fullt. Lærdalselvi har i år opna for avgrensa fisking for første gong sidan den vart infisert av lakseparasitt i 1996. Her har helgas laksefiskeopning betydd ekstra mykje for mange.

– Stemninga er veldig god. Folk er glade for å kunne komme tilbake til Lærdal. Det er jo ei fantastisk vakker elv å fiske i, og det at det også vert teke fisk på mange strekkjer er kjempepositivt, seier elveeigar og presseansvarleg Rolf Bjørum.

Han fortel om ei god opningshelg der det er teke laks opp i 10 til 12 kilo.

– Det er fisk i store delar av elva. Det er teke i underkant av 30 laks. Om lag halvparten av desse er slept ut att, seier Bjørum.

Også i Vikja er laksefisket i gang. Førebels er den største fangsten her på 7,8 kilo.

Laksefiske i Lærdalselvi

NØGD: Fiskar Sebastian Letelier frå Chile fekk laks på åtte kilo.

Foto: Rolf Bjørum