Drepen før siste vakta

Kjærasten fortalte om dei siste telefonsamtalane med Anne. Teikning Elin Fagertun.

Kjærasten fortalte om dei siste telefonsamtalane med Anne. Teikning Elin Fagertun.

Anne Slåtten hadde berre ei vakt igjen før sommarferien. Kjærasten til Anne Slåtten fortalte i retten at dei snakka saman på telefon om kva dei skulle gjere i sommarferien.

og Brit Jorunn Svanes

Kjærasten sa at dei hadde ei vennskapsforhold som gjekk over til kjærleik. Dei vart saman under hans besøk i Førde i august 2003.

- Vi hadde eit varmt og nært forhold, sa Stavanger-mannen. Han jobbar som IT-konsulent og dei hadde derfor eit avstandsforhold, men dei brukte mail, telefon, SMS og andre moderne hjelpemiddel til halde kontakten.

Anne Slåtten hadde berre ei vakt att før ferien. Foto privat.

Anne Slåtten hadde berre ei vakt att før ferien. Foto privat.

I godt humør

Laurdag 5. juni var han på kurs i Oslo og kom heim til Stavanger. Han var ute på kvelden med vener og kjente. Anne ringte til han på veg heim frå jobb. Dei vart samde om at han skulle ringe ho opp att. Då var Anne i godt humør. Ho hadde ei vakt igjen før sommarferien, og det var søndag 6. juni. Ho skulle på vakt tidleg om morgonen, og skulle ha si siste vakt på Helsetunet dagen ho vart drepen.

Ringde midt på natta

Etter at kjærasten hadde vore på fest gjekk han heim ved 03.00-tida, og han ringde ho på mobilen sjølv om det var midt på natta. Det var ein del av avtalen. - Vi prata i lag i 25 til 30 minutt, sa kjærasten. Samtalen handla om kva dei skulle gjere i sommarferien.

Søndag morgon gjekk kjærasten på tur med ein kamerat. Klokka 16.00 ringte mora til Anne og spurde om han visste kvar ho var.

- Det endra den søndagen, sa kjærasten.

Han visste ikkje kvar ho var. Det var veldig unormalt at Anne vart vekke utan å gi beskjed.

Han reiste ned på politistasjonen i Stavanger og gav eit vitneavhøyr i samband med at ho vart meld sakna. Etter avhøyret i Stavanger bestemte han seg for å reise opp til Førde. Han kom til Førde måndag morgon, og vart informert av politiet.

Ingen krangel

Ivar Blikra stilte også spørsmål til kjærasten til Anne Slåtten. Han ville vite om han hadde krangla med andre som budde i tunet saman med Anne Slåtten?

- Nei, overhodet ikkje.

- Veit du om Anne slåtten var redd for nokre personar i Førde?

- Nei, det var ho ikkje. Ikkje som eg har høyrt, sa Stavanger-mannen.

Han fortalde vidare at Anne Slåtten på lik linje med andre jenter hadde gitt uttrykk for at ho hadde ei generell frykt for å bli utsett for noko kriminelt.

Likte seg i Førde

Kjærasten sa til slutt at Anne likte seg godt i Førde. Ho likte å gå i terrenget, og ho trente regelmessig. Han seier at ho var i god fysisk form, og at ho nok var sterkare enn andre jenter på hennar alder. Dette var svar på spørsmål frå tingrettsdommarane.

Lyd og video

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.