Hopp til innhold

Draumereprise: Til topps med Toralv

Bli med på ein draumereprise når reporter Harald Kolseth og skodespelarlegenda Toralv Maurstad reiser på fjelltur.

"Min tur går til den steile Hornelen i Ytre Nordfjord", seier skodespelaren Toralv Maurstad, som har sine røter i dette distriktet. Ved Harald Kolseth.

– Min tur går til den steile Hornelen i Ytre Nordfjord, seier skodespelaren Toralv Maurstad, som har sine røter i dette distriktet.

Programmet vart sendt første gang i 1995, som del av programserien «Min tur».

Toralv Maurstad er i dag snart 90 år, og skodespelarlegenda har spelt i filmar i åtte ulike tiår, og halde på med teater nesten like lenge. Mellom prisane han har vunne er Aamot-statuetten, Heddaprisen, Anders Jahres kulturpris og Leif Justers ærespris.

Skodespelaren, instruktøren og den tidlegare teatersjefen var allereie nærmare 70 år då han tok reporter Harald Kolseth med på tur til Hornelen.

Her kan du sjå både denne turen og andre frå programserien «Min tur»