Hopp til innhold

Dramatisk døgn for 30 evakuerte passasjerar etter at bussen køyrde i ras

Lars Inge Breivik og dei andre 29 passasjerane har eit dramatisk døgn bak seg etter at bussen vart fanga mellom to jordskred.

Passasjerane fekk husrom etter at bussen dei sat i

FULLT I STOVA: Passasjerane vart innlosjerte i stova til Kari Berge. Lars Inge Breivik har funne sin plass midt blant passasjerane.

– Det var tilløp til panikk, og det var ei utriveleg natt, seier Lars Inge Breivik. Saman med 29 passasjerar på ekspressbussen til Oslo vart han fanga mellom to ras ved Hjelle i Oppstryn.

Bussen køyrde i eit ras, og i mørkeret prøvde dei å ta seg fram, men då rasa det frå andre kanten også.

– Det var heilt mørkt og vi gjekk i villreie, sidan ingen av oss var lokalkjende. Vi gjekk nedover mot Stryn, men då kom eit nytt ras. Så vi måtte snu å gå til busskuret og huke oss inn der. Då kom det ein kar ut på altanen på eit hus og lurte på kva som skjedde, så fekk vi kome i hus hjå dei, seier Breivik.

Endeleg er Lars Inge Breivik på trygg grunn etter å ha blitt sperra inne av ras.

PÅ TRYGG GRUNN: Lars Inge Breivik kan stå tørrskodd å skue over bussen som framleis står fast i raset.

Foto: Roger Vik

Heldt fram å rase gjennom natta

Ni av passasjerane vart evakuert ut av området ved hjelp av Røde Kors sin båt i løpet av natta. Dei 20 andre overnatta i huset. Vel i hus fekk dei våte passasjerane tørre sokkar og varmen i seg etter kvart.

Bussen står midt i raset

NATRUKREFTENE TOK OVERHAND: Bussen køyrde rett i eitt skred.

Foto: Terje Gilleshammer

– Dei la fram madrasser, og nokre fekk senger og rom. Så vi sov tre til fire timar. Det var kjempegreier, seier Breivik.

Men noko djup søvn var det ikkje snakk om.

– Det rista i huset på grunn av rasa som kom ned på begge sider. Det kom eit kraftig ras i 03:30 tida, når eg nett hadde krype til køys. Det buldra og rista i heile huset, så det var sikkert då mesteparten kom ned, seier han.

Når NRK snakkar med Breivik står han like over bussen og ser på herjingane som kom etter at han kom i hus. Etter at det vart lyst har han sjølv vore ut og teke bilete og sett nærare på det som har skjedd gjennom natta.

– Vatnet må ha stått nesten opp under glaset på høgre sida av bussen. Og raset står tre til fire meter over vegen. No er vi spente på korleis det har gått med bagasjen, seier han og fortel at det står fleire lastebil og personbilar i kø på andre sida av raset.

Kari Berge fekk stova full av passasjerar som vart fanga midt mellom to ras.

FEKK STOVA FULL: Kalde, våte og skremde passasjerar fekk husly i stova til Kari Berge i Oppstryn.

Foto: Terje Gilleshammer

– Eit under at det gjekk bra

Ordførar i Stryn, Sven Flo, snakka med NRK på rasstaden laurdag føremiddag. Han er rysta over synet som møtte han.

– Når ein står på plassen og ser skadeomfanget, så er det eit under at ein har kome så godt ut av det. Dei involverte fortel om ein traumatisk situasjon, der dei raskt måtte kome seg ut av bussen. Ute vart dei møtte av jord og mykje vatn, heilt opp til knea. Dei går vekk i frå bussen i det dei trur er trygt område, og så ser og høyrer dei at det kjem nye store ras, seier Flo.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein ekspressbuss med 30 personar ombord køyrde inn i eit ras på rikveg 15 ved Hjelle fredag kveld. Ingen vart skadde, men 19 av dei i alt 30 passasjerane sit framleis innesperra i eit bustadhus i området. Foto: Roger Vik

SJÅ VIDEO: Det blir no rydda i området der bussen køyrde inn i raset. Foto: Roger Vik

Han og resten av kommuneleiinga fekk melding om raset ved midnatt, og dei fekk raskt melding om at ein ekspressbuss var i raset.

– Det var litt merkeleg. Eg var på austsida av raset, og rådmannen som er leiar i krisseteamet var i Stryn sentrum, så då var vi veldig tett på hendinga frå begge sider, seier Flo. Han understrekar at hendinga syner at ein må ha respekt for naturen.

– Vi har ingen garanti for kva som skjer, og det var ingen som kunne forutsjå det som skjedde. Det syner berre at ein må ta alle førehaldsreglar når ein ferdast under ekstreme forhold på Vestlandsvegane.

Vil ta tid før vegen kan opne

Bussen midt i skred ved Hjelle

RASA GJENNOM NATTA: Denne bussen kan ikkje køyre vidare med det første.

Foto: Lars Inge Breivik

I dag tidleg vakna passasjerane opp til nysteike vafller, levert på døra av nettopp ordførar, Sven Flo.

– Vi fekk frukost, bagettar og skiver med brunost, så vi lir inga naud. Stemninga er god, men det avheng litt av kva som skjer framover.

Bussen dei sat i er ikkje køyrbar, og det er førebels uvisst korleis og kvar dei evakuerte passasjerane blir frakta.

– Det er snakk om å frakte oss til Stryn, men alle skal til Oslo eller Austlandet i utgangspunktet, så vi håpar å kome oss den vegen. Det går å gå tørrskodd over raset no, så vi håpar vi kan få ein buss til å ta oss mot Austlandet etter kvart.

Klokka 13 får opplyst at ein buss står klar til å frakte passasjerane mot Austlandet.