Tidleg om ettermiddagen ein laurdag i slutten av november i fjor, pågreip politiet ein mann dei mistenkte for promillekøyring.
I heimen til mannen fann politiet same ettermiddag tre våpen som ikkje var forsvarleg nedlåst, og då saka gjekk for Fjordane tingrett vedgjekk mannen i 50-åra alt.
Drakk både under og etter turen
Nordfjordingen har forklart at han drakk om lag ei halv halvflaske (altså 2,5 desiliter) vodka medan han køyrde bilen over ei lengre strekning. Med seg i bilen hadde han to passasjerar.
Etter at han hadde avslutta køyreturen skal han fått i seg resten av denne 0,5-liters flaska, i tillegg til ca halvparten av ei ny flaske, til saman ca ein halvliter vodka.
Ei blodprøve som vart teke i underkant av ein time etter køyreturen, viste ei promille på 2,8 promille. Ifølgje Folkehelseinstituttet viser ei tilbakerekning at mannen hadde ein alkoholpromille på ca 0,8 og minst 0,4 promille under sjølve bilturen.
Må betale for seg
Retten legg til grunn at mannen hadde ei promille på minst 0,4, noko som til vanleg blir straffa med ei bot. Fjordane tingrett meiner det er straffeskjerpande at mannen drakk alkohol medan han sat bak rattet, og at dette skjedde medan han køyrde eit lengre stykke med passasjerar i bilen.
Retten har dømt mannen til å betale ei bot på til saman 15 000 kroner, for eit tilfelle av promillekøyring og brot på våpenlova. Dersom han ikkje betaler bota må han sone 15 dagar i fengsel.
Nordfjordingen må også klare seg seks månader utan førarkort, med frådrag for den perioden han allereie har vore utan.