Hopp til innhold

Stal øl og drakk den i bilen før køyreturen

Mannen i 40-åra tok seg ein boks øl medan han sat bak rattet før han starta køyreturen. Det enda med fengsel.

Det var i april i fjor mannen tok seg ein tur til butikken. Der forsynte han seg med øl utan å betale, før han sette seg i bilen, starta motoren og drakk før han køyrde av garde. Det var mykje folk i nærleiken, og ein av dei ringde politiet.

Då politifolka litt seinare oppsøkte mannen i heimen hans hadde han drukke meir, og han vedgjekk at han hadde drukke to-tre øl før køyreturen. Blodprøven viste 1,34 promille vel to timar etter køyringa.

På stovebordet fann politipatruljen 14 tablettar med det narkotiske stoffet Rivotril. Seinare på året - i september - fann politiet eit glas med 48 tablettar av same stoffet på mannen .

Det skjedde etter ein episode på ein klesbutikk. Der vart han høgrøysta mot dei tilsette og slo mot ein plakat utanfor inngangsdøra.

Alt dette resulterte i at Fjordane tingrett dømde han til fengsel i 36 dagar og ei bot på 5000 kroner. I tillegg må mannen vere utan førarkort i 17 månader.