Hopp til innhold

Drakk øl, knaska narkotiske tablettar og sette seg bak rattet

39-åringen knaska narkotiske tablettar og drakk øl, før han sette seg bak rattet og køyrde bil utan kjennemerke. No må mannen sone 30 dagar i fengsel, gjere 30 timar samfunnsteneste og betale ei bot på 33.500 kroner.

Sogn tingrett
Foto: Arve Uglum / NRK

Mannen er også frådømt retten til å køyre bil i to år og seks månadar. Viss han vil køyre bil att, må han gjennomføre full, ny førarprøve.

Det var i mars i fjor at sogningen hadde 87 tablettar i sidelommen på førarsida, i golvet og i bilsetet i personbilen sin.

Då han vart stoppa av politiet, prøvde han å stikke av. Han hadde då drukke fire halvliterar med øl og teke mellom åtte og ti tablettar Rivotril.

Køyrde bil som var avskilta

Analyseresultatet synte ein promille på 0,77 fire timar etter at mannen vart stoppa, og retten finn det bevist at mannen frå alkoholen åleine må ha hatt ein promille på 1,17 då køyringa fann stad. I tillegg skal han ha vore påverka av tablettar, tilsvarande ein promille på meir enn 1,2.

Mannen køyrde også ein bil som var utan kjennemerke fordi bilen tidlegare hadde vorte avskilta av politiet.

I februar same år brukte han Rivotril ved to høve. Sogningen skal også ha stole bilskilt frå ein parkert bil.

Er domfelt tre gonger før

I tidsrommet desember 2013 til mars 2014 oppbevarte mannen ei hagle på i bustaden sin, utan å ha eit godkjent våpenskap.

Mannen er tidlegare domfelt tre gonger og bøtelagd seks gonger mellom anna for ei rekkje brot på narkotikalova. Han er også tidlegare bøtelagd for brot på våpenlova og vegtrafikklova.

Seinast i mars 2013 vart mannen dømd til 30 dagars fengsel på vilkår og ei bot på 20.000 kroner for brot på straffelova og vegtrafikklova.

Mannen tilstod utan atterhald i Sogn tingrett.