Hopp til innhold

Dommaren heldt rundt og trøysta alvorleg skadd spelar

Då Stryn-spelar Are Njøten rauk alt som kunne rykast i kneet, sette dommaren seg ned og trøysta han. – Det var veldig flott gjort, seier Njøten, som kanskje aldri blir heilt frisk.

Are Njøten

15–20 MINUTT: Dommar Sureskumar Kathiravel sat og heldt rundt Njøten i 15–20 minutt, og får no godord frå både dei involverte og fotballkretsen.

Foto: Stryn fotball

– Han kom med ein gong og tok tak i meg. Så sette han seg bak meg og prata til meg og heldt ein roleg tone. Han utstrålte tryggleik og det var veldig fint.

Det var i 5. divisjonskampen mellom Stryn 2 og Førde 3 førre månad ulukka var ute. Njøten skjønte med ein gong at noko var alvorleg gale. Han er full av lovord om dommar Sureskumar Kathiravel.

– Det var veldig flott gjort. Eg sa det til han før eg vart sendt av garde. Eg trur eg takka han. Eg håpar det, for eg var litt høg på diverse medisinar, seier 39-åringen.

Sat der i 15–20 minutt

For medisinane ambulansepersonellet kom med var sårt tiltrengte for Njøten, som låg der med enorme smerter. Det var når Njøten kjempa for å klarere ein ball og skulle takle ein motstandar det gjekk heilt gale.

– Sjølve lårbeinet datt bak skinnebeinet i leggen, og skinnebeinet kom opp føre lårbeinet. Så kneet var totalt ute av ledd.

Alvorleg skade

STERKE BILETE: Som ein ser både på foten og røntgenbiletet, er skaden svært alvorleg. Det er også ein sjeldan skade i idrettssamanheng.

Foto: Stryn fotball

Trenar og kompis av Njøten, Johann Sigurdsson, er svært imponert over dommaren, som også hjelpte til då ambulansepersonellet byrja å jobbe med skaden ute på banen.

– Det er på grunn av dommaren eg tok bileta. Han sat der i 15–20 minutt. Eg synest det var veldig spesielt og veldig flott gjort, seier Sigurdsson.

– Dommaren viste kunnskap, men først og fremst var han medmenneske og viste empati. Han gjorde ein veldig god jobb, og det gjorde alle i situasjonen, inkludert ambulansepersonellet, tilføyer Njøten.

Sogn og Fjordane fotballkrets har nyleg lagt ut eit innlegg der dei skryt over dommaren.

– Vi er stolte over å ha dommarar i kretsen som bryr seg litt meir, skriv kretsen.

Are Njøten

STOLTE: Kretsen er stolt over dommar Sureskumar Kathiravel, som får godord frå alle etter hendinga.

Foto: Stryn fotball

– Skal mykje til å bli heilt bra

39 år gamle Njøten er sjølv fysioterapeut, og har vore svært uheldig.

– Slike skader skjer stort sett ved andre typar ulukker der store krefter er involvert, som til dømes trafikkulukker. Det kan skje i idrett også, men er veldig sjeldan, seier han.

Etter to operasjonar, på Haraldsplass og Haukeland sjukehus, er det enno for tidleg å seie om han blir heilt frisk.

– Det skal nok veldig mykje til. Sjølve kneet blir nok ganske bra. Dei har erstatta alle korsband, sideband og musklar som eg rauk. Det er sydd på plass med nye sener som er laga.

– Men eg rauk også ei nerve nede i foten, så det er stor sjanse for at eg blir verande med ein droppfot. Eg klarar ikkje bøye foten og ankelen heng berre ned. Vi veit meir om eit halvt år, seier Njøten.