Hopp til innhold

Dykkar omkom - dagleg leiar og styreleiar dømde til fengselstraff

Den daglege leiaren og styreleiaren i Sunnfjord Dykkerservice AS er dømde til fengselstraff etter at ein tilsett i firmaet omkom under dykking i Hyllestad 19. desember 2012.

Oppdrettsnlegget til Marine Harvest i Bøfjorden

HER SKJEDDE DET: Oppdrettsanlegget til Marine Harvest As i Bøfjorden i Hyllestad.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Den eine av dei vart dømd til 90 dagar, den andre i 60 dagar. For begge vart halvparten av straffa på vilkår. Med andre ord må dei sone høvesvis 45 og 30 dagar. I tillegg blir dykkarfirmaet dømd til å betale ei bot på 600.000 kroner.

Den daglege leiaren og styreleiaren vart funne skuldige i 14 av dei 15 tiltalepunkta, som alle handlar om brot på Arbeidsmiljølova.

– Min klient tek på alvor det som har kome fram, og han tek både foranledninga til saka og den personlege domen tungt, seier advokat Paul Inge Angelshaug, som representerer styreleiaren.

Gjekk tom for luft

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug er forsvarar for styreleiaren i Sunnfjord Dykkerservice.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var under arbeid på anlegget til Marine Harvest AS i Bøfjorden i Hyllestad det fatale skjedde. Den 24 år gamle dykkaren Tomas Lekeckas skulle ta opp ei vakuumpumpe frå 28 meters djup.

Etter rundt 20 minutt gjekk han tom for luft, mista medvitet og vart liggande på botnen av merden til han vart henta opp, vel 45 minutt etter at han starta dykkinga. Han døydde kort tid etter.

Då ha starta dykket hadde han mellom 1200 og 1300 liter luft på flaska, og det var for lite til å gjennomføre det planlagde arbeidet.

Mildare straff enn påstanden

I dommen går det fram at verksemda over tid har hatt lite fokus på tryggingsarbeid, og at opplæringa av tilsette har vore dårleg og mangelfull.

Retten meiner det er formildande at det har teke lang tid å få saka gjennom rettssystemet. Medan dagleg leiar erkjende straffskuld for ei rekkje av tiltalepunkta, meinte prosederte Angelshaug for frifinning av styreleiaren.

Advokaten registrer også at straffa er mildare enn aktor sin påstand om 90 dagar fengsel.

– Vi er litt overraska over dommen, men tek til etteretning at dommaren er av ei anna formeining enn oss. No skal vi gå igjennom dommen, før vi avgjer om den blir anka eller ikkje, seier Angelshaug.