Hopp til innhold

Dømd for villmannskøyring i narkorus

I narkorus køyrde mannen i 20-åra i 80 km/t gjennom 40-sona. No må han i fengsel.

Sogn tingrett

ILLUSTRASJON: Det var ikkje første gang at mannen i 20-åra måtte møte i retten. For tredje gang sidan 2010 er han no dømd for å ha køyrt bil i rusa tilstand.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det som kan skildrast som ei villmannskøyring skjedde i starten av januar i år. Mannen var påverka av både metamfetamin og THC tilsvarande meir enn 0,5 i promille.

Han hadde heller ikkje førarkort. Den var han frådømt tidlegare.

– Sikta køyrde svært fort i eit relativt uoversiktleg område med mykje trafikk og mange fotgjengarar. Køyringa medførte såleis eit stort farepotensial, skriv dommarfullmektig Kristine Geirsdatter Celius i den ferske dommen.

Medverka til eigen dom

Mannen erkjende alle forholda han stod tiltalt for då han nyleg møtte i Sogn tingrett. Frå desember i fjor til januar i år kjøpte og oppbevarte han 100 gram hasj og vel fem gram amfetamin i Oslo og Sogndal.

I tillegg selde han kring ti gram hasj i Sogndal. Han erkjende også å ha køyrt bil i rusa tilstand og utan førarkort. Han brukte også narkotika.

– Han har erkjent dei fleste forhold frå starten av, og spelt med opne kort for politiet. På denne måten har han medverka til eiga domfelling ved å opplyse politiet om større mengde narkotika og høgare fartsoverskriding, enn dei hadde funne bevis for, skriv Celius.

Tredje gong

Påtalemakta la ned påstand om 52 dagar i fengsel, tap av førarretten for alltid og inndraging av 2000 som politiet meiner han har tent på narkotikasalet. Retten meinte dette var ei passande straff.

Om tilståinga kom vart vurdert som formildande omstende, såg retten straffeskjerpande på at han to gonger sidan 2010 er dømd for promillekøyring.

Forsvarar bad retten vurdere samfunnsstraff. Sjølv om mannen er inne i ei positiv utvikling meinte retten at mannen ikkje var i ein klar rehabiliteringssituasjon. Retten overlèt til Kriminalomsorga å avgjere soning med fotlenke.