Hopp til innhold

Dømd for vald mot ambulansemedarbeidar

Ei jente i tenåra er dømd til 21 dagar fengsel på vilkår etter å ha slege til ein ambulansemedarbeidar på vakt.

Kvinna som blei slegen fekk skader i ansiktet og var sjukemeld ein periode.

Dette skjedde sommaren 2014 då den tiltalte jenta skulle til sjukehuset på Nordfjordeid. Ho blei køyrt av ein ven og blei møtt av ambulansepersonell då dei kom fram.

Det er ulike oppfatningar av kva som skjedde i forkant av valdsepisoden. Kvinna som jobba på ambulansen har forklart at ho stod åleine ved ei dør då den tiltalte kom gåande imot ho. Ho spurte jenta om ho ville gå sjølv eller bli køyrt til avdelinga, men at ho ikkje tok på jenta.

I retten forklarte kvinna at då jenta hadde passert med ein meter avstand, snudde ho plutseleg og slo mot nasebeinet hennar med knytt neve. Ambulansearbeidaren fekk vridd hovudet, men det trefte ho likevel i augeregionen på eine sida av ansiktet. Ho meinte ho svima av som følgje av slaget.

Meiner slaget kom impulsivt

Den tiltalte hadde ei anna forklaring og sa seg ikkje skuldig etter tiltalen då ho møtte i retten. Ho fortel at ho var redd då ho kom til sjukehuset og at ho kjente ei hand på skuldra då ho passerte ambulansearbeidaren. Ho snudde seg då impulsivt rundt og retta eit svingslag mot personen som stod der.

Tre andre vitne på staden har litt andre versjonar av det som skjedde.

Meiner kvinna handla med forsett

Tingretten legg til grunn at all rimeleg tvil skal komme tiltalte til gode. Dei legg difor til grunn at tiltalte hadde passert den fornærma kvinna og at ho stod rett bak ryggen på tiltalte rett før slaget kom.

Retten meiner også at den fornærma kvinna la handa si på skuldra til den tiltalte, medan ho spurte om jenta ville gå sjølv eller bli køyrt. Det var i denne situasjonen at den tiltalte snudde seg impulsivt og slo eit kraftig svingslag med knytt neve.

Fjordane tingrett meiner at kvinna slo med forsett og at ho mest truleg var klar over at det var ambulansearbeidaren ho nettopp hadde passert. Det blir også lagt til grunn at dette var ei impulshandling og at den tiltalte var prega av angst.

Fengsel på vilkår og erstatning

Retten meiner det er skjerpande at valden er utført inne på legevakta mot ein person på vakt. I tillegg legg dei vekt på at valden var forholdsvis grov.

På grunn av alderen til jenta og andre formildande omstende, slepp kvinna å sone i fengsel. Ho er difor dømd til 21 dagar på vilkår, med ei prøvetid på to år. Ho må også betale 500 kroner i erstatning og 20.000 kroner i oppreising til kvinna.