Hopp til innhold

Dobbelt så mykje sild på Trollebø

Norway Pelagic doblar kapasiteten for sild på anlegget på Trollebø i Vågsøy.

Norway Pelagic på Trollebø

DOBLA KAPASITET: Norway Pelagic på Trollebø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Rolf Domstein

LEIGER UT ALT PÅ TROLLEBØ: Rolf Domstein.

Foto: utlånt av Domstein-gruppen

Frå september i år vil kapasiteten vere 1200 tonn i døgnet, no er den 600 tonn. Dette kan dei gjere utan å auke talet på tilsette, skriv Fjordenes Tidende.

Men det blir likevel arbeid til 12 tilsette til på Trollebø frå 1. september. Seien som blir filetert i Kalvåg skal konsumentpakkast på Trollebø, det same er tilfelle med makrellfilet, og dette krev auke i talet på tilsette.

Domstein-konsernet har no leigd ut heile anlegget på Trollebø til Norway Pelagic, seier Rolf Domstein til avisa.

Det stadig aukande sildefisket krev større kapasitet, og det er difor Norway Pelagic no doblar kapasiteten. Frå september kan anlegget svelgje unna 500 tonn nordsjøsild og 700 tonn norsk vårgytande sild i døgnet.

I slutten av april la Domstein ned produksjonen av kvitfiskfilet på Trollebø.