Thorbjørn Ludvigsen under Storehaugen Opp - REKORD: Thorbjørn Ludvigsen sletta den gamle løyperekorden med 43 sekund. - Foto: Storehaugen Opp /

REKORD: Thorbjørn Ludvigsen sletta den gamle løyperekorden med 43 sekund.

Foto: Storehaugen Opp

Dobbelt opp med rekordar i Lærdal

Torbjørn Ludvigsen (BFG Fana) og May Britt Buer (Guler) sytte for nye rekordar under laurdagens Storehaugen Opp.

Det er fjerde gong at friidrettsgruppa i Lærdal arrangerer motbakkeløpet.

På grunn av sein vår, var det inntil nyleg snø på dei siste 500 meterane mot Storehaugen, men denne vart effektivt fjerna av ein ihuga dugnadsgjeng med spade.

Knuste rekord

Dermed var det fritt fram for Torbjørn Ludvigsen (BFG Fana) og May Britt Buer (Gular) å sette kvar sin løpsrekord.

(Artikkelen held fram under biletet)

May Britt Buer under Storehaugen Opp - MOT MÅL: May Britt Buer under Storehaugen Opp. - Foto: Storehaugen Opp /

MOT MÅL: May Britt Buer under Storehaugen Opp.

Foto: Storehaugen Opp

Med tida 32,15 forbetra Ludvigsen Øyvind Heiberg Sundby sin rekord frå i fjor med 43 sekund. Buer knuste derimot Merete Helgheim (GFIL) sin løpsrekord frå 2009 med 3,20 minutt då ho sprang inn til tida 37,58 på den kring 3,7 kilometer lange løypa.

300 mosjonistar

Eit imponerande stykke arbeid når ein tenkjer på at løypa har ei stigning på nær 25 prosent. Anita Håkenstad (Øystre Slidre) og Merete Weng (IL BUL) følgde på dei neste plassane.

I alt stilte 112 deltakarar på startstreken i konkurranseklassa. I mosjonsklassa stilte 300 deltakarar.

I ei pressemelding fortel arrangørane om stor dugnadsinnsats før arrangementet. Totalt 250 liter væske og tidtakingsutstyr med meir vart frakta opp.

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.