DK-saka til Stortinget

Saka om disktriktskontora i NRK kjem opp for Stortinget. I dag har kulturminister Valgerd Svarstad Haugland vore i møte med leiinga for NRK Sogn og Fjordane, og ho seier at endringane er så store at saka må i Stortinget.

Haugland har ikkje sett seg inn i rapporten som legg opp til at NRK Sogn og Fjordane skal leggjast under eit av nabokontora. Rapporten er no ute på høyring, og skal så sluttbehandlast i styret i NRK.

Også til Stortinget

Haugland kan i eigenskap av generalforamling for NRK forlange å få saka på sitt bord, noko ho altså er innstilt på. Ho vil også la Stortinget uttale seg om saka.

Valgerd Svarstad Haugland hadde fått med seg at NRK Sogn og Fjordane har eit godt ord på seg og har mange lyttarar og sjåarar. I dag var ho sjølv på lufta i fylkesradioen. Foto Jostein Nyfløtt © NRK

Valgerd Svarstad Haugland hadde fått med seg at NRK Sogn og Fjordane har eit godt ord på seg og har mange lyttarar og sjåarar. I dag var ho sjølv på lufta i fylkesradioen. Foto Jostein Nyfløtt © NRK

Nynorsk kompetansesenter

Haugland er spesielt oppteken av nynorsken, og kallar NRK Sogn og Fjordane for ein plogspiss. Kontoret i Førde har lansert idèen om eit nynorsk kompetansesenter, og Haugland har stor tru på dette prosjektet. Ho meiner det kan bli ein realitet ved NRK Sogn og Fjordane, sjølv om kontoret blir lagt under Ålesund eller Bergen.

Lyd og video

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.