Hopp til innhold

Djuvik: - Alle visste det likevel

Som medlem av Frp sitt landsstyre fekk Frank Willy Djuvik vite om topartiregjeringa litt før alle andre. Men møtet varte så lenge at spekulasjonane allereie hadde nådd framsidene på nettavisene.

Frank Willy Djuvik

NO GLISER HAN EKSTRA BREITT: Måndag vart det klart, Frp og Høgre blir partia som skal danne regjering. Difor gliser fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, ekstra breitt.

Foto: Alf Vidar Snæland

Dei borgarlege partia hadde varsla pressekonferanse klokka 20 måndag kveld, og sa at dei først då ville avsløre kva parti som vil gå saman i regjering.

Etter kvart vart pressekonferansen utsett til 20.30, men lenge før dette slo både VG, TV2, NRK og fleire opp at det var Høgre og Frp som åleine ville danne regjering. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, vart som medlem av landsstyret kalla inn til møte for å høyre kva partiet hadde kome fram til.

– Eg har visst veldig lite, så eg var veldig spent då eg vart kalla inn til møte i dag. Vi måtte levere frå oss både mobiltelefon og iPad før vi gjekk inn, så det var openbert at det berre har vore nokre få menneske i dei fire partia som har visst noko.

-Det viser også spekulasjonane og kjeldene, det er 12–20 menneske som har visst noko. Ingen andre. Vi har nesten vore like uvitande som media, seier Djuvik.

– Vi i landsstyret fekk meldinga litt før andre, men så sat vi for så vidt så lenge og diskuterte dette, at då vi kom ut så var det nesten slik at alle visste det likevel, humrar han.

– Meir gjennomslag enn venta

For smilet går nesten rundt på Frp-politikaren frå Florø. Han er svært godt nøgd med at det er nettopp Høgre og Frp som skal danne regjering.

– Vi har fått ei avklaring på at vi får ei borgarleg regjering. Og det som også er viktig, og som eg trur er historisk, det er at vi får ein så grundig framforhandla parlamentarisk avtale på Stortinget, som sikrar ei styringsdyktig regjering med støtte frå KrF og Venstre. Det er veldig bra, seier han opprømt.

– Og det som gjer meg veldig glad, er at ut frå avtalen så har Frp fått betydeleg meir gjennomslag enn det ein kanskje skulle tru for eit parti som har fått 16,3 prosent oppslutnad.

Med dagens avgjerd er det klart at Framstegspartiet skal inn i regjering for første gong. Dei fire borgarlege partia har forhandla fram ein avtale om korleis dei skal samarbeide på Stortinget.

– Det beste frå begge alternativa

Djuvik ramsar opp ei lang liste over saker han er glad for at partiet har fått gjennomslag for i den ferske avtalen mellom dei fire borgarlege partia.

– For det første har det blitt laga eit eige dokument for asyl og integreringspolitikken som er bortimot ein blåkopi av Frp sitt program. Vi har fått gjennomslag for lukka mottak, for å stille strengare krav, gjennomslag for 24-års regelen, og for ein strengare asyl og integreringspolitikk generelt, seier Djuvik.

Vidare nemner han både eldreomsorg, rusomsorg, psykiatri, eit eige investeringsselskap for vegar og infrastruktur som viktige saker der partiet har fått gjennomslag.

– Er dette det beste moglege utfallet for Frp sin del, at det berre er Høgre og Frp som dannar regjering?

– Ja, slik avtalen ligg no, så trur eg vi har fått det beste frå begge alternativa. Vår uro har vore at vi utan ei fleirtalsregjering hadde fått problem med å få sakene gjennom i Stortinget.

– Men no har vi ein avtale som har gitt Venstre og KrF betydeleg gjennomslag, men som samtidig har sikra ei styringsdyktig regjering.

- Samtidig har vi fått ei rein Høgre og Frp-regjering, som innanfor ei rekkje saker i den daglege utøvinga av politikk, vil kunne gjere meir innanfor fornyingar i ei ny retning for Norge, enn det vi kunne fått til med ei firepartiregjering der det hadde vore veldig mange kompromiss, seier Djuvik

Taus om eiga rolle

Framstegspartiet fekk ikkje nok oppslutnad i Sogn og Fjordane under valet til å sende Djuvik på Stortinget. No er spørsmålet om han likevel kan bli å sjå i regjeringskvartalet dei neste fire åra.

– Det skal eg ikkje spekulere i no, det får vidare forhandlingar og sonderingar avklare. Du får ikkje noko svar av meg no.

– Men du har lyst?

– Det vil eg heller ikkje seie noko om no.

Heller ikkje Høgre sin Bjørn Lødemel vil seie noko om kva rolle han ser for seg i den nye regjeringa. Honndølen er ein av 48 stortingsrepresentantar for Høgre i regjering. Har seier dei nye avtalen og ei topartiregjering lovar svært bra.